Tine Sundtoft besøkjer Brussel
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Klima- og miljødepartementet
Nyheit | Dato: 06.02.2014
Klima- og miljøminister Tine Sundtoft besøkjer Brussel tysdag 11. februar. Ho skal mellom anna møte klimakommissær Connie Hedegaard.
Klima- og miljøminister Tine Sundtoft besøkjer Brussel tysdag 11. februar. Ho skal mellom anna møte klimakommissær Connie Hedegaard.
Kommisjonen i EU la for kort tid sidan fram sitt forslag til klimamål for EU. Der foreslår dei at utsleppa av klimagassar blir redusert med 40 prosent frå 1990 til 2030. Dei ønskjer også å stramme inn talet på klimakvoter. Sundtoft sa seg nøgd med forslaget frå EU.
Sundtoft får sjanse til å diskutere dette direkte med kommisjonen når ho tysdag møter klimakommissær Connie Hedegaard. Klima- og miljøministeren skal også møte EU sin miljøkommissær Janez Potocnik. Her blir tema mellom anna luftforureining og avfall.
Tine Sundtoft skal vidare opne ein konferanse om plastgjenvinning og miljøgifter i Norway House, og ho skal besøkje Financial Mechanism Office og bli informert om miljø- og klimaprosjekter finansiert gjennom EØS-pengane. Til slutt skal ho treffe svenske Christofer Fjellner i Europaparlamentet. Han representerer Moderata Samlingspartiet.
Pressekontakt er kommunikasjonssjef i Klima- og miljødepartementet, Jon Berg. tlf 90569495