Tine Sundtoft til Kenya
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Klima- og miljødepartementet
Nyheit | Dato: 19.06.2014
Klima- og miljøminister Tine Sundtoft besøker Kenya neste veke. I Etiopia er det grøn vekst, skog og klimaforhandlingane som står på dagsorden, mens ho i Kenya skal delta i miljøforsamlinga i FN sitt miljøprogram, UNEP.
Klima- og miljøminister Tine Sundtoft besøker Kenya neste veke. Ho skal delta i miljøforsamlinga i FN sitt miljøprogram, UNEP.
Sentrale tema her blir kamp mot ulovleg handel med dyr, plantar og tømmer. Dette er ofte knytt til organisert kriminalitet og terrornettverk. Andre tema er miljødimensjonen i FN sitt nye mål for berekraft.
I tillegg skal Noreg spesielt ta opp forureining av havområda. UNEP skal og legge fram ein rapport om miljøtilstanden i verda.
Sundtoft skal dessutan sjå på utstillinga som det norske selskapet SunErgy har i Nairobi. Dei arbeider med å installere solenergi på landsbygda i voksande marknader.
Pressekontakt er kommunikasjonssjef Jon Berg, Klima- og miljødepartementet, tlf 90569495