Vernar 17 skogsområde i sju fylke
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Klima- og miljødepartementet
Nyheit | Dato: 10.06.2016
Regjeringa har vedtatt å verne 17 skogområde, frå Aust-Agder i sør til Troms i nord. Det blir verna 83 kvadratkilometer, og om lag 45 kvadratkilometer av dette er produktiv skog. Det blir flest skogreservat i Østfold, medan Vikerfjell i Buskerud blir eit av landets største på i alt 80 km2.
- Stortingets mål om 10 prosent skogvern skal oppnås gjennom vern av offentleg skog eller gjennom den frivillige ordninga for skogvern. Vernet vi vedtek i dag er eit viktig ledd i dette. Eg vil rose dei mange skogeigarane som tilbyr frivillig vern, og som bidrar til at vi kan nærme oss målet om 10 prosent skogvern. Dette er uttrykk for eit positivt samarbeid mellom miljøstyresmaktene og skogeiegarane. Gjennom det frivillige skogvernet oppnår vi økt vern, respekt for privat eigedomsrett og redusert nivå på konflikten, seier Vidar Helgesen.
Vern av skogområde skal bidra til eit representativt vern av skogtypar og sikre trua artar og naturtypar i norsk skog. Noreg har stor variasjon av skogtypar, også skogtypar som er internasjonalt sjeldne. Nær 50 prosent av dei trua og nær trua artene i Noreg lever i skog.
-Skogvern er eit viktig og svært effektivt tiltak for å sikre norsk naturmangfald, seier klima- og miljøminister Vidar Helgesen.
Varierte skogsområde
Dei nye verneområda er veldig varierte. Her fins mellom anna større gamalskogsområde opp mot fjellet, gamal granskog i intakte ravinelandskap, bratte elvekløfter, frodige edellauvskogar og artsrik bjørkeskog på kalkrik grunn i Karlsøy i Troms. Mange av områda er små, men har likevel høg verneverdi fordi dei omfattar sjeldne og trua naturtypar med eit rikt biologisk mangfald.
Frivillig vern
Dei fleste skogområda er frivillig vern, der grunneigarane tilbyr vern mot erstatning. Det inngår også noko skog eid av Miljødirektoratet, Statskog SF og Opplysningsvesenets fond (prestegardsskogar). Interessa for frivillig skogvern har auka dei siste åra. Med løyvinga på 392 millionar kroner i budsjettet for i år vil det bli fleire vernevedtak i løpet av 2016. Stortinget har nyleg vedteke eit mål om vern av 10 prosent av skogarealet. Målet er langsiktig, og vern av privat skog skal framleis vere frivillig. Med dette vedtaket aukar norsk skogvern frå nær 2,9 prosent til om lag 2,95 prosent av den produktive skogen i landet.
Sikrar leveområde for trua arter
Vernevedtaket vil bidra til at to av dei nasjonale måla for naturmangfald kan bli nådd:
- ”Eit representativt utval av norsk natur skal bevarast for kommande generasjonar."
- Ingen artar og naturtypar skal utryddast, og utviklinga til trua og nær trua arter og naturtypar skal betrast”
(Meld. St. 14 (2015-2016) Natur for livet – norsk handlingsplan for naturmangfold)
I tillegg bidrar vernevedtaket til å nå internasjonale mål, blant anna målet i FN-konvensjonen om biologisk mangfald om vern og bevaring av område som er viktige for biologisk mangfold og økosystemtenester.
Følgjande område er no verna:
- Deifjellia naturreservat, Åmot kommune, Hedmark
- Augla naturreservat, Sør-Fron kommune, Oppland
- Nøreimsbekken naturreservat, Gol kommune, Buskerud fylke
- Gulsvikelvi naturreservat, Flå kommune, Buskerud
- Vikerfjell naturreservat, Ringerike kommune, Buskerud
- Viulkastet naturreservat, Ringerike kommune, Buskerud
- Rankedal naturreservat, Ringerike kommune, Buskerud
- Krålen naturreservat, Fyresdal kommune, Telemark
- Hommedal prestegårdskog naturreservat, Grimstad kommune, Aust-Agder
- Karlsøy prestegård naturreservat i Karsløy kommune, Troms fylke
- Solgårdhavna naturreservat, Sarpsborg kommune, Østfold
- Desiderialunden naturreservat, Sarpsborg kommune, Østfold
- Berg naturreservat, Eidsberg kommune, Østfold
- Brattåsen naturreservat, Rakkestad kommune, Østfold
- Flåtten naturreservat, Trøgstad kommune, Østfold
- Håkås naturreservat, Trøgstad kommune, Østfold
- Ågårdselva naturreservat, Sarpsborg kommune, Østfold