Vernar 33 nye skogområde
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Klima- og miljødepartementet
Nyheit | Dato: 25.11.2016
Regjeringa har i dag verna 33 nye skogområde. Dei fleste skogområda er frivillig verna. Det betyr at grunneigarane tilbyr vern mot erstatning frå staten. Områda ligg frå Vest-Agder i sør til Nord-Trøndelag i nord.
– Vi skal nå Stortingets mål om ti prosent skogvern gjennom vern av offentleg eigd skog og frivillige vern av privat skog. Vernet vi vedtok i dag, er eit nytt steg for å komme nærare målet, seier klima- og miljøminister Vidar Helgesen.
Dei fleste av dei 33 skogområda er frivillig verna, der grunneigarane tilbyr vern mot erstatning. Det inngår også noko skog eid av Statskog SF og Opplysningsvesenets fond (prestegardsskogar). Interessa for frivillig skogvern har auka dei siste åra. Med løyvinga på 392 millionar kroner i budsjettet for i år vil det bli fleire vernevedtak i løpet av 2016. Stortinget har nyleg vedteke eit mål om vern av ti prosent av skogarealet. Målet er langsiktig, og vern av privat skog skal framleis som hovudregel vere frivillig. Med dette vedtaket aukar norsk skogvern frå nær 2,95 prosent til om lag tre prosent av den produktive skogen i landet.
– Eg vil takke dei mange skogeigarane som tilbyr frivillig vern. Dei bidrar til at vi kan nå både vårt eige skogvernmål og internasjonale mål for biomangfald. Dette er eit positivt og tillitsfullt samarbeid mellom miljøstyresmaktene og skogeiegarane. Slik oppnår vi auka vern, respekt for privat eigedomsrett og mindre konfliktar, seier Helgesen.
Sikrar leveområde for trua arter
Vern av skogområde skal bidra til eit representativt vern av skogtypar og sikre trua artar og naturtypar i norsk skog. Noreg har stor variasjon av skogtypar, også skogtypar som er internasjonalt sjeldne. Nær 50 prosent av dei trua og nær trua artene i Noreg lever i skog. Vernevedtaket bidrar dermed til at to av dei nasjonale måla for naturmangfald kan bli nådd:
- Eit representativt utval av norsk natur skal bevarast for kommande generasjonar
- Ingen artar og naturtypar skal utryddast, og utviklinga til trua og nær trua arter og naturtypar skal betrast
Globale miljømål
Skogvern i Norge bidrar også på ein svært effektiv måte til å nå fleire av dei globale måla for biologisk mangfald.
– Skogvern er eit viktig og svært effektivt tiltak for å sikre norsk naturmangfald. Samtidig bidrar det til å nå fleire av dei globale måla for naturmangfald under FN sin biomangfaldkonvensjon, seier Helgesen.
Det blir halde partsmøte i Cancûn, Mexico, for FN sin konvensjon om biologisk mangfald den 4. – 17. desember i år. I tillegg blir det halde eit høgnivå-møte 2. og 3. desember der klima- og miljøminister Vidar Helgesen og fiskeriminister Per Sandberg vil delta frå Noreg. Mexico har valt jordbruk, skogbruk, fiskeri og turisme som hovudtema for denne delen av møtet. Hovudprioritet for resten av partsmøtet er status for nasjonal gjennomføring av konvensjonens strategiske plan med dei 20 måla for biologisk mangfald, deriblant langsiktig bevaring av natur.
Høge verneverdiar
Dei nye områda som regjeringa nå har verna, er veldig varierte. Her fins mellom anna større samanhengande gamalskogsområde opp mot fjellet (Fjellstulfjellet) , gamal lågtliggjande granskog (Solfrittkroken), kystfuruskog (Grytelva), kystgranskog (Seterelva), bratte, lange bekkekløfter (Tokkeåi og Korpreiret), ein av dei største elvekløftene i landet (Gråura), våtmarker med myr- og sumpskog (Nygårdsmyra) og svært rik blandingsskog (Kile). Mange av områda er relativt små, men har likevel høg verneverdi fordi dei omfattar sjeldne og trua naturtypar med eit rikt biologisk mangfald eller er leveområde for trua arter. Nokre av områda har i tillegg særskilt naturvitskapleg verdi.
Her er kongelig resolusjon
Her er forskrifter
Meir informasjon om verneområda og oversiktskart ligg på Miljødirektoratets nettsider.
- Vikalian naturreservat i Rissa og Leksvik kommuner, Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag fylker
- Gråura naturreservat i Oppdal kommune, Sør-Trøndelag fylke
- Gullaugtjønnberga naturreservat i Midtre Gauldal kommune, Sør-Trøndelag fylke
- Utviding av Grytelva naturreservat i Hitra kommune, Sør-Trøndelag fylke
- Utviding av Seterelva naturreservat i Osen kommune, Sør-Trøndelag fylke
- Utviding av Prestaksla naturreservat i Nesset kommune, Møre og Romsdal fylke
- Gammeldalsberget naturreservat, Tynset kommune, Hedmark fylke
- Solfrittkroken naturreservat i Stor-Elvdal kommune, Hedmark fylke
- Utviding av Nygårdsmyra naturreservat i Sør-Odal og Eidskog kommuner, Hedmark fylke
- Lindberget naturreservat i Åsnes kommune, Hedmark fylke
- Skasberget naturreservat i Grue kommune, Hedmark fylke
- Korpreiret naturreservat i Elverum kommune, Hedmark fylke
- Linehøgda naturreservat i Marker kommune, Østfold fylke
- Utviding av Sæteråsen og Tømmeråsen naturreservat i Hof og Holmestrand kommuner, Vestfold fylke
- Presttjennmarka naturreservat i Sigdal kommune, Buskerud fylke
- Fjellstulfjellet naturreservat i Notodden og Kongsberg kommuner, Telemark og Buskerud fylker
- Utviding av Gjuvet naturreservat i Tinn kommune, Telemark fylke
- Gygrestolen naturreservat i Bø kommune, Telemark fylke
- Langedalsfjellet naturreservat i Bø kommune, Telemark fylke
- Utviding av Hæstad naturreservat, Fyresdal kommune, Telemark fylke
- Utviding av Tokkeåi naturreservat, Tokke og Vinje kommuner, Telemark fylke
- Lauvåsen naturreservat, Drangedal kommune, Telemark fylke
- Utviding av Navassfjell naturreservat i Gjerstad kommune, Aust-Agder fylke
- Storåna naturreservat i Åmli kommune, Aust-Agder fylke
- Kjesfjell og Gaupenapen naturreservat i Åmli kommune, Aust-Agder fylke
- Tveiteråsen naturreservat i Froland kommune, Aust-Agder fylke
- Tårendalen naturreservat i Froland kommune, Aust-Agder fylke
- Lemfjellheia naturreservat i Froland kommune, Aust-Agder fylke
- Utviding naturreservat av Kile naturreservat i Vennesla kommune, Vest-Agder fylke
- Kyrkjevatna naturreservat i Flekkefjord og Kvinesdal kommuner, Vest-Agder fylke
- Nautarheia naturreservat i Marnardal kommune, Vest-Agder fylke
- Utviding av Nedre Timenes naturreservat i Kristiansand kommune, Vest-Agder fylke
- Utviding av Hålandsdalen naturreservat i Suldal kommune, Rogaland fylke