Meir pengar til ulvetiltak
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Klima- og miljødepartementet
Nyheit | Dato: 11.05.2017
Regjeringa foreslår i revidert nasjonalbudsjett 40 millionar kroner ekstra til ei ny tilskotsordning til kommunar innanfor ulvesona, til merking av ulv og til auka kunnskap og formidling.
– Pengane skal bidra til å minke belastningar som nokre opplever i område med ulverevir. Vi tek også eit viktig skritt for å auke kunnskapen om ulv og sørge for ei tett oppfølging av ulvebestanden. Meir kunnskap kan bidra til å redusere konfliktar, seier klima- og miljøminister Vidar Helgesen.
Tilskotsordning til kommunar
Kommunar med ulverevir vil få administrere ei eiga tilskotsordning på 20 millionar kroner. Disse pengane kan til dømes brukast til tilskot til særskild rørte næringsinteresser, til tenestetilbod, eller til næringsutvikling. Det vil vere opp til kommunane å bestemme fordelinga av tilskot. Kommunane har lokal kunnskap om kor belastninga er størst. Kommunane vil få eit større ansvar og moglegheit til problemløysing lokalt.
Radiomerking
Det er sett av 7,4 millionar kroner til radiomerking av ulv og til ei vidare tett oppfølging av ulvebestanden. Merkinga vil gje informasjon om korleis ulvane oppfører seg i busette område og korleis den vandrar. Dette vil gje eit betre grunnlag for fortløpande vurdering av ulvanes skadepotensial på husdyr og tamrein og åtferd i forhold til menneske.
Kunnskaps- og utredningsprosjekter
Auka kunnskap gjev eit betre grunnlag for å vurdere skadepotensialet. Regjeringa gjev eit løft på 12,6 millionar kroner til ulike prosjekt som har som fellesnemnar at den auka kunnskapen vil ha ein konfliktdempande effekt. Det kan handle om kunnskap om ulvens åtferd og skadepotensial, om ulvens effekt på økosystemet, men også om folks haldning til ulv og når den oppfattast som nærgåande.