Eit budsjett for grøn konkurransekraft
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Klima- og miljødepartementet
Nyheit | Dato: 12.10.2017
Regjeringa vil styrke Noregs grøne konkurransekraft og samarbeide med næringslivet om å skape nye arbeidsplassar. Klima- og miljødepartementet vil også gje meir pengar til klimaforsking, klimaforhandlingane og FNs klimapanel.
–Regjeringa gjennomfører ein klimapolitikk som kuttar utslepp heime og ute. Dette er eit budsjett for grøn konkurransekraft. Vi vil trekkje grøn kapital til Noreg og fremje grøne løysingar frå norske bedrifter, seier klima- og miljøminister Vidar Helgesen.
Internasjonalt satsar regjeringa sterkare på klima- og skoginitiativet og vil medverke til at den internasjonale klimaavtalen frå Paris blir gjennomført.
Forslaget til budsjett for Klima- og miljødepartementet har ei utgiftsramme på
10,45 milliardar kroner i 2018 mot 10,38 milliardar kroner i 2017. Dette er ein netto auke på ca. 74 millionar kroner, eller 0,7 prosent.
Dette er nokre av punkta i regjeringas forslag til statsbudsjett for 2018:
- Regjeringa vil medverke til at internasjonalt klimaarbeid styrkast og gje støtte til at klimaforhandlingane og Parisavtalen kan bli gjennomført. Regjeringa foreslår difor å auke løyvinga til klimaforhandlingane og FNs klimapanel med 25 millionar kroner. Dette er nødvendig ettersom det er uvisse om bidrag frå andre store bidragsytarar.
- Klima- og skoginitiativet er foreslått styrkt opp til 3 milliardar kroner i 2018. Initiativet støtter innsats i utviklingsland for å redusere klimagassutslepp frå regnskog. Samla legg regjeringa opp til at Noreg betaler for om lag 30 millionar tonn reduserte utslepp av CO2 i 2018.
- Regjeringa foreslår å auke forskingsinnsats som kan støtte opp under arbeidet med å oppfylle norske klimamål fram mot 2030. Auken på 20 millionar kroner skal særleg rettast inn mot transport og jordbruk, sektorar utanfor EUs kvotesystem. Det skal òg leggjast til rette for kunnskapsoppbygging om marine økosystem og reint hav. Pilotprosjekt for å betre kystmiljøet blir ført vidare frå 2017.
- Regjeringa vil fremje grøne løysingar frå norske bedrifter, trekkje grøn kapital til Noreg og medverke til å skape nye arbeidsplassar. Innovasjon Noreg skal difor etablere eit nytt samarbeid med privat næringsliv. For 2018 foreslår regjeringa 10 millionar kroner til denne satsinga.
- Norske kommunar medverkar med viktige klimaløysingar nær folk. Ordninga med tilskot til kommunale klimatiltak, Klimasats, er foreslått ført vidare med 102,5 millionar kroner i 2018.
- Det er foreslått 18,6 millionar kroner til kampen mot skrantesjuke hos villrein.
- Det er foreslått 4,1 millionar kroner til merking av ulv, 3,3 millionar kroner til auka kapasitet i Statens naturoppsyn for å følgje opp ulvesaker og 20 millionar kroner til ei tilskotsordning til kommunar med ulverevir.
- Det er foreslått 27,1 millionar kroner i samband med at forvaltninga av statens eigedommar, som vart kjøpte i 1980 etter kopparverket på Røros, skal overførast til Statsbygg.
- Det er foreslått 180 millionar kroner til kjøp av klimakvoter i 2018.
- CO2-kompensasjonsordninga utgjer 496 millionar kroner i forslaget til budsjett.
- Regjeringa foreslår å overføre ansvaret for Meteorologisk institutt og Artsdatabanken frå Kunnskapsdepartementet til Klima- og miljødepartementet frå og med 1. januar 2018.