Set ny rekord i skogvern
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Klima- og miljødepartementet
Nyheit | Dato: 15.12.2017
I 2017 blir meir skog verna enn nokon gong tidlegare. Totalt er det i år verna 114 skogområde på 213 kvadratkilometer produktiv skog. Regjeringa har i dag verna ytterlegare 49 nye skogområde i ti fylke.
-Aldri er det blitt verna meir skog enn i 2017. Regjeringa og støttepartiane har meir enn dobla satsinga på skogvern. Årets bevilging til skogvern på 442 millionar kroner er den høgste nokon gong, seier klima- og miljøminister Vidar Helgesen.
Tek vare på naturmangfald
- Det rekordstore skogvernet i år er eit skritt på vegen mot at me har verna ti prosent av skogen. Det vil vere med på å ta vare på mange trua artar og naturtypar, seier Vidar Helgesen.
Skogvern bidreg til å oppnå desse måla for naturmangfald:
- Eit representativt utval av norsk natur skal bli verna for kommande generasjonar.
- Ingen artar og naturtypar skal bli utrydda, og utviklinga til trua og nær trua artar og naturtypar skal bli betre.
Frivillig skogvern
Med dette siste vedtaket blir det verna 110 kvadratkilometer skog, der 64 kvadratkilometer er produktiv skog. Områda inngår i arbeidet med frivillig vern av privateigd skog, unntatt tre område som er eigd av Statskog og Miljødirektoratet.
-I år er heile 91 av områda verna frivillig av private skogeigarar. Samarbeidet om frivillig skogvern er blitt ein bærebjelke i arbeidet for å sikre mangfaldet i norsk natur, seier Vidar Helgesen.
Til no er rundt 440 område blitt verna i arbeidet med frivillig skogvern. Interessen for frivillig skogvern er stor, og mange områder er det planar om ytterlegare skogvern dei kommande åra.
Til no er 3,2 prosent av den produktive skogen i landet blitt verna, og noko over fire prosent av det samla skogarealet.
Desse 49 områda er no verna:
- Strandaliane naturreservat i Suldal kommune, Rogaland fylke
- Svingervann naturreservat (utviding) i Kristiansand kommune, Vest-Agder fylke
- Vassvann naturreservat i Kristiansand kommune, Vest-Agder fylke
- Heddeviksfjell naturreservat i Bygland kommune, Aust-Agder fylke
- Kviteflogi naturreservat i Bygland kommune, Aust-Agder fylke
- Rosstøl naturreservat i Tvedestrand kommune, Aust-Agder fylke
- Åslandsøya og Kjeøya naturreservat i Åmli kommune, Aust-Agder fylke
- Hækjenkleiv naturreservat i Åmli kommne, Aust-Agder fylke
- Reismyr naturreservat (utviding) i Åmli kommune, Aust-Agder fylke
- Vardeheia naturreservat (utviding) i Åmli kommune, Aust-Agder fylke
- Bjørnstadfjellet naturreservat i Gjerstad kommune, Aust-Agder fylke
- Fossbufjellet naturreservat i Gjerstad kommune, Aust-Agder fylke
- Langåsen naturreservat i Flesberg og Rollag kommuner, Buskerud fylke
- Surtebergflaget naturreservat i Krødsherad kommune, Buskerud fylke
- Trillemarka-Rollagsfjell naturreservat (utviding) i Sigdal, Rollag og Nore og Uvdal kommuner, Buskerud fylke
- Veikulåsen naturreservat (utviding) i Gol kommune, Buskerud fylke
- Juvsåsen naturreservat (utviding i Sigdal kommune, Buskerud fylke
- Presteseter naturreservat (utviding) i Hof og Sande kommunar, Vestfold fylke
- Brånakollane naturreservat (utviding) i Larvik kommune, Vestfold fylke
- Fjærevardåsen naturreservat i Larvik kommune, Vestfold fylke
- Vestfjella naturreservat (utviding) i Halden kommune, Østfold fylke
- Svantjern naturreservat i Halden kommune, Østfold fylke
- Styggdalen naturreservat i Nannestad og Lunner kommuner, Akershus og Oppland fylker
- Skotjernfjellet og Snellingsrøysene naturreservat (utviding) i Nannestad og Lunner kommuner, Oppland og Akershus fylker
- Rud naturreservat i Enebakk kommune, Akershus fylke
- Ertsrudberget naturreservat i Nes og Sør-Odal kommuner, Hedmark og Akershus fylker
- Skandøla naturreservat i Hurdal kommune, Akershus fylke
- Svendstuøyene naturreservat i Stor-Elvdal kommune, Hedmark fylke
- Juvberget naturreservat (utviding) i Åsnes kommune, Hedmark fylke
- Skavdalen naturreservat i Inderøy kommune, Nord-Trøndelag fylke
- Kammen og Kalddalen naturreservat i Leksvik og Inderøy kommunar, Nord-Trøndelag fylke
- Altskardet naturreservat i Namdalseid kommune, Nord-Trøndelag fylke
- Ferjlia naturreservat i Verran kommune, Nord-Trøndelag fylke
- Olsengelva naturreservat i Namsos kommune, Nord-Trøndelag fylke
- Storengvatna naturreservat i Fosnes kommune, Nord-Trøndelag fylke
- Kolåsen naturreservat i Snåsa kommune, Nord-Trøndelag fylke
- Folldalen naturreservat i Høylandet kommune, Nord-Trøndelag fylke
- Lødding naturreservat (utviding) i Namsos kommune, Nord-Trøndelag fylke
- Mjøsund naturreservat (utviding)i Nærøy kommune, Nord-Trøndelag fylke
- Råbesdalen naturreservat (utviding) i Høylandet kommune, Nord-Trøndelag fylke
- Almdalen-Ekorndalen naturreservat (utviding) i Namsos og Overhalla kommuner, Nord-Trøndelag fylke
- Høvringslia naturreservat i Sel kommune, Oppland fylke
- Solbrålia og Stordalsberget naturreservat (utviding) i Nord-Fron kommune, Oppland fylke
- Bjønnhaugen naturreservat i Gjøvik og Nordre Land kommunar, Oppland fylke
- Kalvberget naturreservat i Østre Toten kommune, Oppland fylke
- Breie naturreservat i Etnedal og Nord-Aurdal kommunar, Oppland fylke
- Dokka naturreservat (utviding) i Nordre Land kommune, Oppland fylke
- Budeiberget naturreservat i Nordre Land kommune, Oppland fylke
- Jøvika og Tønnerud naturreservat i Gran kommune, Oppland fylke
Områda Bjørnstadfjellet og Fossbufjellet er eigd av Statskog SF. I tillegg eiger Statskog SF delar av dei to områda Skavdalen og Kammen og Kalddalen. Miljødirektoratet eiger areal i Almdalen-Ekorndalen. Øvrig areal inngår i ordninga med frivillig vern av privateigd skog.
Forskrifter for vedtaket (pdf)
Oversiktskart (lenkje)
Miljødirektoratets nettsak (lenkje)