Avskoginga i Colombia auka i 2016
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Klima- og miljødepartementet
Nyheit | Dato: 14.07.2017
En ny rapport syner at avskoginga i Colombia auka med 44% frå 2015 til 2016. Auken er større enn venta, sjølv om avskoginga framleis er lågare enn snittet for dei to siste tiåra. Etter fredsavtalen opplever Colombia eit betydeleg og aukande press på skogen. – Dette er sjølvsagt ei svært uheldig utvikling, men styresmaktene syner at dei tek avskoginga alvorleg, seier klima- og miljøminister Vidar Helgesen.
Den aukande avskoginga i Colombias del av Amazonas skjer etter fleire år med nedgang. Ifølge den siste rapporten offentliggjort av Colombias Institutt for meteorologi og miljøstudier (IDEAM), auka imidlertid avskoginga i Colombia med 550 kvadratkilometer frå 2015 til 2016. Avskoginga aukar i alle landets regionar, og nærare 40% av avskoginga føregår i colombiansk Amazonas. Fjorårets avskoging tilsvarer eit område større enn halve Vestfold fylke.
– Vi var førebudde på at avskoginga ville auke som følgje av fredsprosessen, men desse tala er urovekkande og må møtast med kraftige verkemiddel. Då eg vitja Colombia i førre månad, fekk vi indikasjonar på denne utviklinga og diskuterte dette med President Santos og fleire andre ministrar. Mitt inntrykk er at styresmaktene tek situasjonen alvorleg. Dei har allereie sett i gong ei lang rekkje tiltak i dei mest utsette regionane, seier Helgesen, som var i Colombia 7. juni i år.
Auka press på skogen
Den langvarige konflikten har gjort at mange skogrike område i Colombia har vore lite attraktive for investeringar. Dette biletet er no i endring. Colombianske styresmakter rapporterer at ein viktig årsak til avskogingsauken er landområde som blir ulovleg okkuperte eller gjenstand for spekulasjon i påvente av eit betre investeringsklima, meir infrastruktur og betre marknadstilgang som følgje av freden. Skog som blir gjort om til beitemark, ulovleg dyrking av koka, handel med illegalt tømmer og ulovlig gruvedrift er også aukande problem i fleire område. Skogbrannar og utbygging av infrastruktur har også gitt utslag på statistikken. Mange av områda med avskoging fell saman med område der FARC har trukke seg ut.
– Vi veit frå andre land at overgang til fred ofte gjer at presset på skogen og naturressursane aukar. Colombia står difor ved eit avgjerande vegskille. President Santos er tydeleg på at bærekraftig utvikling og vern av regnskogen vil stå sentralt i fredsbygginga. Norge støttar difor dette arbeidet aktivt gjennom vår internasjonale regnskogsatsing, seier Helgesen.
Colombianske styresmakter trappar opp innsatsen mot avskoging
Colombianske styresmakter har klare målsettingar om å redusere avskoginga nasjonalt til 500 kvadratkilometer årleg og å oppnå null netto avskoging i colombiansk Amazonas innan 2020. Trass i at avskoginga auka i 2016, har avskoginga dei seinare åra vore betydeleg redusert samanlikna med perioden 1990-2010, der avskoginga var på om lag 2800 kvadratkilometer i året.
Colombianske styresmakter har vore førebudde på at trusselen mot regnskogen kunne kome til å auke med fredsprosessen. Rapporten syner tydeleg det komplekse biletet av drivkrefter bak avskoginga. Denne kunnskapen dannar grunnlaget for styresmaktene sin breie og omfattande strategi for å redusere avskoginga framover. President Juan Manuel Santos, miljøvernminister Luis Gilberto Murillo og postkonfliktminister Pardoyyh har i løpet av 2016 sett i gong ei rekkje tiltak for å stogge avskoginga. Tiltaka er mellom anna:
- Ei opptrapping av innsatsen mot ulovleg hogst gjennom å opprette spesialeiningar nasjonalt og i regionene som slår ned på ulovleg avskoging.
- Tiltak for å fremje ein bærekraftig landbruksøkonomi og stans i landbruksgrensa mot Amazonas.
- Nye program for bærekraftige inntektsmoglegheiter og skogbevaring for lokalbefolkningen, herunder intensivering av storfedrift på mindre areal, samt økonomiske insentiv for bærekraftig skogbruk i lokalsamfunna.
- Nye skattemessige verkemiddel, som karbonskatt og lov om betaling for økosystemtenester.
- Reformer i arealplanlegging, inkludert tiltak for redusert avskoging i ulike sektorar som gruvedrift og veibygging.
- Ei ny føresegn om oppretting av nasjonalparkar forvalta av urfolk er på trappene.
FARC-opprørarar blir skogvaktarar
Då Vidar Helgesen besøkte Colombia i juni i år, lanserte Norge, sammen med colombianske styresmakter og leiinga i FARC-geriljaen, eit nytt program for å hjelpe tidlegere geriljasoldatar tilbake til samfunnet. Ei hovudoppgåve blir å passe på Colombias enorme regnskog. Målet er å skape bærekraftige arbeidsplassar for flere tusen kvinner og menn og nærare 800 tidlegere geriljasoldatar i dei områda som har vore hardast råka av konflikten. Dette skal bidra til å verne regnskogen og sørge for meir gjenplanting av skog. Parallellt er målet å auke landbruksproduksjonen og redusere fattigdom blant urfolk og landsbybuarar. Norge gir 30 millioner kroner til programmet.
Fakta om Norges samarbeid med Colombia:
Colombia er eitt av Norge sine hovudsamarbeidsland for regnskogsbevaring. Regnskogen i Colombia dekker meir enn 600.000 kvadratkilometer, eller nesten to gonger Fastlands-Norge. Mesteparten av skogen ligg i Amazonas-bassenget. Om lag halvparten av Colombia sine klimagassutslepp kjem frå avskoging og landbruk.
Colombia, Norge, Tyskland og Storbritannia etablerte eit klima- og skogpartnerskap under COP 21 i Paris 2015. I intensjonserklæringa som vart signert mellom partane står det at Norge vil bidra med opptil 1,8 milliarder kroner totalt fram innan utgangen av 2020, der minst 1,5 milliardar kroner utelukkande vil bli utbetalte for verifiserte utslippsreduksjonar. Opptil 300 millionar kroner vil kunne betalast ut dersom avtalte reformer som er naudsynte for å kunne redusere avskoginga blir gjennomførte. I intensjonserklæringa inngår også norsk støtte via den tyske utviklingsbanken KfWs program REDD Early Movers (REM) som betaling for utslippsreduksjoner i colombiansk Amazonas. Første utbetaling for oppnådde utslippsreduksjoner i 2013-2014 skjedde i juni 2016.