Statsbudsjettet 2020:
Eit budsjett for lågare utslepp
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Klima- og miljødepartementet
Nyheit | Dato: 07.10.2019
Statsbudsjettet for 2020 skal bidra til eit grønare, meir moderne og tryggare Noreg. Budsjettet for Klima- og miljødepartementet aukar med 8,7 prosent frå 14,2 milliardar kroner til 15,5 milliardar kroner i 2020. Omstillinga av Noreg må fortsette. Forsking og teknologiutvikling skal bidra til reduserte utslepp og nye grøne arbeidsplassar. Regjeringa foreslår difor auka løyvingar til grøn skipsfart, grøn næringstransport gjennom meir pengar til Nullutsleppsfondet, meir til klimaforsking og meir pengar til å ta vare på naturen.
– Regjeringa fører ein offensiv politikk for å medverke til ei grøn omstilling av norsk økonomi, der vi òg tek vare på naturen. Regjeringa ønsker å halvere klimagassutsleppa frå transport, inkludert innanriks sjøfart og fiske, innan 2030. Grøn skipsfart er ein viktig del av arbeidet for å innfri klimaforpliktingane våre, seier klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V).
Hovudgrunnen til aukinga i Klima- og miljødepartementets budsjett er forslaget om å auke løyvinga til ordninga med CO2-kompensasjon for industrien med 934 millionar kroner, hovudsakleg som følge av endring i kvotepris.
Dette er nokre av punkta i regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2020:
- Regjeringa foreslår å styrke innsatsen innan grøn skipsfart med 100 millionar kroner. Pengane skal medverke til auka bruk av null- og lågutsleppsløysingar i fylkeskommunale hurtigbåtsamband og grøn flåtefornying av lasteskip.
- For å få reduserte utslepp frå veg- og sjøtransport foreslår regjeringa å auke løyvinga til Nullutsleppsfondet med 50 millionar kroner. Fondet vil etter dette vere på 1,050 milliardar kroner. Fondet er forvalta av Enova. Det skal stimulere til at klimavennleg teknologi blir teken raskare i bruk i næringstransporten og medverke til ytterlegare reduserte utslepp frå veg- og sjøtransport.
- Klimaendringane gir auka førekomst av ekstremvêr som storm og kraftig nedbør. Gode og treffsikre varslingar av ekstremvêr er avgjerande for befolkninga sin tryggleik. For å sikre stabil drift og forsvarleg oppgradering av observasjonsutstyr som vêrradarar, nettverk av lynsensorar, havstraumradarar og anna, er det foreslått at løyvinga til Meteorologisk institutt blir auka med 12 millionar kroner.
- Regjeringa foreslår å føre vidare innsatsen mot marin forsøpling, blant anna for å styrke Noregs internasjonale leiarrolle i dette arbeidet. Tilskottsordninga til opprydding av marint avfall og til førebyggande arbeid er foreslått ført vidare med 70,3 millionar kroner.
- Regjeringa ønsker å medverke til god tilstand i økosystema, hindre tap av artar og naturtypar og beskytte eit representativt utval av norsk natur for kommande generasjonar. Regjeringa foreslår derfor å styrke tiltak for naturmangfald og friluftsliv med 76 millionar kroner i 2020. Noreg har eit særskilt ansvar for å ta vare på villrein og villaks. Satsinga omfattar også tiltak for å ta vare på desse.
- Som ein del av satsinga på naturmangfald, er det foreslått å styrke arbeidet med å ta vare på truga natur med 18 millionar kroner. Det vil medverke til at tilstanden til fleire truga artar og naturtypar blir betra eller halden ved lag. Det blir òg gitt pengar til å gjennomføre konkrete tiltak for pollinerande insekt.
- Arbeidet med å gjennomføre restaureringstiltak som er prioriterte i vassforvaltningsplanane er foreslått styrkt med 19 millionar kroner. Dette medverkar til å følge opp punktet i Granavolden-plattforma om å styrke norsk vassforvaltning og følge opp vassforskrifta.
- Verneområda gir både naturopplevingar, grunnlag for verdiskaping og sikrar norsk natur for ettertida. Regjeringa vil styrke forvaltninga for å ta betre vare på denne mest verdifulle delen av norsk natur. Det er foreslått å auke løyvinga knytt til tiltak i verneområda med 11 millionar kroner i 2020.
- Kunnskap og forsking som skal brukast til kunnskapsoppbygging, er viktig. Regjeringa foreslår å styrke løyvinga til forskinga for omstilling til lågutsleppssamfunnet, teknologiutvikling for det grøne skiftet og vellykka klimatilpassing med 35 millionar kroner.
- Regjeringa foreslår å føre vidare pengar til forsking som skal brukast til kunnskapsoppbygging om marine økosystem og reint hav og til å gjennomføre pilotprosjekt for å betre tilstanden i kystmiljøet.
- I 2020 foreslår regjeringa å styrke Kulturminnefondet med 10 millionar kroner slik at fleire private eigarar kan få tilskott til å setje i stand verneverdige eigedommar. I 2020 er det foreslått løyvd 126 millionar kroner til formålet.
- Regjeringa vil utvikle Ny-Ålesund vidare som plattform for internasjonalt forskingssamarbeid i verdsklasse og som ein attraktiv forskingsstasjon som kan fylle behova i framtida. Regjeringa har derfor foreslått å auke driftstilskottet til Kings Bay AS med 12 millionar kroner i 2020 til langsiktig planlegging og investering i infrastruktur og bygningsmasse.
- Behovet for kunnskap er omfattande på grunn av aukande kommersiell aktivitet i Antarktis, store endringar i miljø- og klimaforholda og Antarktis si nøkkelrolle i globale klimaspørsmål. Regjeringa har derfor foreslått å styrke Norsk Polarinstitutts forsking, overvaking og kartlegging i Antarktis med 5 millionar kroner, samt å styrke drifta av forskingsstasjonen Troll med 4,3 millionar kroner i 2020.
- Regjeringa foreslår å løyve 42 millionar kroner til å halde fram arbeidet med å rydde opp i miljøgifter i sjøbotnen i Horten Indre hamn. Tiltaket startar opp i 2019 og er planlagt sluttført innan utgangen av 2020. Den samla statlege støtta til dette tiltaket er berekna til inntil 90 millionar kroner.
- Regjeringa foreslår å løyve 5 millionar kroner til Direktoratet for forvaltning og ikt (Difi) for å styrke arbeidet med ein handlingsplan for å auke klima- og miljøvennlege offentlege innkjøp og grøn innovasjon.