Statsbudsjettet 2020:
Eit budsjett for meir natur
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Klima- og miljødepartementet
Nyheit | Dato: 07.10.2019
Regjeringa foreslår å styrke tiltak for naturmangfald og friluftsliv med 76 millionar kroner i 2020. Ein stor del av pengane går til å ta vare på den naturen som er mest truga, til å restaurere elvar og bekkar og til å forvalte verneområda betre.
– Dette er eit budsjett som styrker naturmangfaldet. Mange truga artar og naturtypar i Noreg treng tiltak for at dei ikkje skal bli utrydda. Vi foreslår gode, målretta tiltak for å stanse tap av natur og restaurere øydelagt natur. Vi vil også bruke meir pengar på å forvalte den naturen som er verna i Noreg, seier klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V).
Regjeringa foreslår å auke løyvinga til truga natur med 18 millionar kroner. Løyvinga vil medverke til langt fleire tiltak for dei artane og naturtypane som treng det mest. Slike tiltak kan til dømes vere skjøtsel, restaurering og fjerning av framande skadelege organismar. Oppstart av ei nasjonal overvaking av insekt skal òg finansierast, for å auke kunnskapen om tilstand og påverknad.
Regjeringa foreslår å styrke restaureringstiltak i vatn med 19 millionar kroner. Dette følger opp punktet i Granavolden-plattforma om å styrke norsk vassforvaltning og følge opp vassforskrifta. Restaureringstiltaka vil medverke til å få tilbake viktige leveområde for artar som lever i vatn. Restaurering av elvar og bekkefar vil òg vere positivt for friluftsliv og rekreasjon.
Regjeringa foreslår å auke løyvinga til forvaltning av verneområde med til saman 15 millionar kroner. I verneområda finn vi mykje av den mest verdifulle naturen i Noreg, men verneverdiane treng skjøtsel. Regjeringa foreslår difor å auke løyvinga til konkrete skjøtsels- og tilretteleggingstiltak i verneområda med 8 millionar kroner. Regjeringa styrker òg finansieringa av forvaltnings- og skjøtselsplanar med 3 millionar kroner. Desse pengane skal brukast til å halde ved like og forbetre tilstanden, legge til rette for bruk, kanalisere ferdsel og informere dei besøkande. Løyvinga til nye verneområdeforvaltarar og til nye besøkssenter for natur vert foreslått auka med 4 millionar kroner.
Regjeringa foreslår òg fleire andre tiltak for natur og friluftsliv. Det er mellom anna meir lakseoppsyn, auka løyving til å ta hand om villrein i Noreg, meir pengar til frivillig skogvern, pengar til fleire grøntområde i Oslo gjennom områdesatsinga, styrking av ordninga Nasjonale turiststiar og pengar til ei betre og meir heilskapleg forvaltning av fjellområda.
Regjeringa foreslår å løyve om lag 1,3 milliardar kroner til naturmangfaldtiltak i 2020. I tillegg til dette vil det òg bli brukt midlar til naturmangfald over miljøforvaltningas driftsbudsjett i 2020.