Elvestuen til miljømøtet i Nairobi
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Klima- og miljødepartementet
Nyheit | Dato: 05.03.2019
Det er venta over 4000 deltakarar og fleire enn 80 miljøministrar til den fjerde miljøforsamlinga (UNEA-4) i Nairobi neste veke.
Klima- og miljøminister Ola Elvestuen deltek på møta 14. og 15. mars.
For Noreg er forslaget om eit sterkare globalt rammeverk mot marin forsøpling eit prioritert tema.
Nesten 30 forslag til vedtak skal diskuterast på møtet. Til dømes korleis ein skal bruka ressursane i havet på ein meir berekraftig måte, tydinga av torv og mangroveskog som CO2-lager, og kampen mot klimaendringar.
Kontaktperson for Ola Elvestuen er kommunikasjonssjef i Klima- og miljødepartementet, Jon Berg, tlf 905 69 495, jbe@kld.dep.no