Statsbudsjettet 2020:
Fleire grøne offentlege innkjøp
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Klima- og miljødepartementet
Nyheit | Dato: 07.10.2019
Regjeringa vil utarbeide ein handlingsplan for å auke klima- og miljøvennlege, offentlege innkjøp og grøn innovasjon. Difi (Direktoratet for forvaltning og ikt) skal styrkast med 5 millionar kronar til dette arbeidet.
- Offentlege innkjøp skal brukast meir aktivt for å nå måla vi har sett oss i klima- og miljøpolitikken. Difor har eg sett i gang arbeid med ein handlingsplan for å auke klima- og miljøvennlege innkjøp i offentleg verksemd. Næringslivet og andre aktørar blir invitert til å bidra med innspel, seier klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V).
Målet med å auke dei klima- og miljøvennlege offentlege innkjøpa er å redusere klimagassutsleppa og få eit mindre miljøfotavtrykk frå offentleg sektor. Lågutsleppsløysingar i transportsektoren, miljøvennlege bygg, mindre plastavfall, kjemikaliefri kvardag og eit meir sirkulært offentleg forbruk er viktige område for handlingsplanen.
Regjeringa foreslår difor å styrke Difi med 5 millionar kroner i året i arbeidet med grøne offentlege innkjøp.