Statsbudsjettet 2020:
Regjeringa aukar satsinga på nasjonalparkar og naturinformasjon
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Klima- og miljødepartementet
Nyheit | Dato: 07.10.2019
Regjeringa foreslår å løyve 6,3 millionar kroner til besøkssenter og naturinformasjon for å bidra til å spreie meir og betre kunnskap om verna natur, villrein, våtmark, rovvilt, fugl og villaks.
- Besøkssentera våre er dei fremste kvalitetsformidlarane av kunnskap om verneområde og rovdyr. Vi er opptekne av å ha besøkssenter i dei verneområda og rovviltregionane som har størst behov, seier klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V).
Regjeringa foreslår å auke løyvinga til besøkssenter med 6,3 millionar kroner i 2020. Pengane skal mellom anna brukast til å etablere tre nye besøkssenter for nasjonalparkar med sikte på seinare autorisering. Sentera vil vere knytt til Lofotodden nasjonalpark, Jomfruland nasjonalpark og Raet nasjonalpark, og det er foreslått om lag 1 million kroner til kvart av desse sentera. Grunnstøtta til allereie autoriserte senter er foreslått prisjustert. Regjeringa foreslår òg å løyve 1,5 millionar kroner til besøkssenteret for rovdyr i Hedmark og å gje Atlanterhavsparken i Ålesund eit driftstilskott på 1,029 millionar kroner.