Vernar 28 viktige skogområde
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgiver: Klima- og miljødepartementet
Nyhet | Dato: 06.12.2019
Regjeringa vernar 28 nye skogområde som naturreservat. Mange truga arter lever i områda. Regjeringa er snart halvvegs i målet om vern av 10 prosent av skogarealet.
– Skogvern er eit svært viktig tiltak for å bevare norsk naturmangfald. Det finst ni truga naturtypar og meir enn 1100 truga arter i skogane i Noreg. Hundrevis av insektarter, sopparter og enkelte fuglar er avhengige av daud ved og gamal skog. Det er derfor viktig at vi vernar dei viktigaste skogareala , slik at vi bidrar til å betre situasjonen for trua arter og naturtypar, seier klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V).
Vernevedtaket omfattar totalt omlag 80 km2 nytt verneareal med 56 km2 produktiv skog. Det har vore meir enn ei dobling av løyve til skogvern sidan førre regjeringsperiode. Frå og med 2014 er det løyva nær 2,4 milliardar kroner.
Stor interesse for frivillig skogvern
Samarbeidet om frivillig vern av privateigd skog starta i 2003 og har blitt ein suksess. Til no er nær 600 skogområde blitt verna i dette samarbeidet mellom miljømyndigheitene og skogeigarorganisasjonane. Statskog SF eig eitt av områda i dette vernevedtaket. Dei andre områda er eigd av private og inngår i samarbeidet om frivillig vern av privateigd skog. Interessa for frivillig skogvern er stor.
– Eg er godt nøgd med at so mange skogeigarar tilbyr skog til frivillig vern. Skogeierane sine organisasjonar gjer ein viktig jobb for å hente inn tilbod om vern av dei viktigaste skogareala. Utan innsatsen frå skogeigarane og deira organisasjonar, hadde vi ikkje lukkast i å verne so mykje skog som denne regjeringa gjer, seier statsråd Elvestuen.
Stortinget vedtok i 2016 eit mål om vern av 10 prosent av skogarealet i Norge. Til no er det verna om lag 3,8 prosent av den produktive skogen i landet og nær 5 prosent av det samla skogarealet.
Nasjonale og internasjonale mål
I tillegg til å bidra til å nå målet om 10 prosent skogvern, vil vernevedtaket òg bidra til å oppnå to nasjonal mål for naturmangfald:
- Eit representativt utval av norsk natur skal takast vare på for komande generasjonar
- Ingen arter og naturtypar skal utryddast, og utviklinga til truga og nær truga arter og naturtypar skal betrast
Vernevedtaket vil òg bidra til å nå internasjonale mål, blant anna målet i FN-konvensjonen om vern og bevaring av område som er viktige for biologisk mangfald.
Kva er frivillig skogvern?
Frivillig vern av skog betyr at miljøforvaltninga definerer kva for skogtypar og skogareal det er viktig å verne. Ut frå dette tilbyr skogeigar areal for vern. Miljøforvaltninga vurderer om området har naturfaglege kvalitetar som tilseier vern, og deretter forhandlar skogeigar og staten fram til ein avtale om frivillig vern. Skogeigar avstår retten til å drive skogbruk i naturreservatet, og vil derfor få erstatning for tapet av framtidige inntekter frå skogbruk i området. Normalt vil jakt, fiske og hausting av bær og matsopp framleis vere tillate. Skogeigar har framleis eigedomsretten og jakt- fiske og beiterettar i området. Eventuelle hytter eller setrar kan han eller ho bruke og vedlikehalde som før. Dersom skogeigar ikkje er nøgd med utfallet kan eigar trekke seg undervegs i verneprosessen og bruke skogen som før.
Les forskriftene for de nye verneområdene her.
Kvar, og kva, finn ein i verneområda som no er verna?
Naturreservata i dette vernevedtaket har mange ulike typar barskog, som kystfuruskog. Mange område har samtidig innslag edellauvskogstypar. Edellauvskog er skog dominert av varmekjære og oftast næringskrevjande arter av lauvtre, som alm, lind, lønn, ask, hassel, eike-artene, bøk og svartor. Nokre av områda er små, men har høg verneverdi ved at dei husar sjeldne og truga naturtypar med eit rikt biologisk mangfald.
Dei nye naturreservata ligg i Østfold, Telemark, Aust-Agder, Vest-Agder, Rogaland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal, Hedmark og Oppland.
(MERKNAD: Etter at denne nyhetsmeldinga vart publisert første gong, er det gjort ei endring. Setninga "Sidan 2013 er løyvinga til skogvern meir enn dobla, og det er løyva nær 2,4 milliardar kroner." er endra til "Det har vore meir enn ei dobling av løyve til skogvern sidan førre regjeringsperiode. Frå og med 2014 er det løyva nær 2,4 milliardar kroner.")
- Ytste-Skotet naturreservat i Stordal kommune, Møre og Romsdal
- Ørnakken naturreservat i Skodje kommune, Møre og Romsdal - utviding
- Geitåa naturreservat i Surnadal kommune, Møre og Romsdal
- Kanestraum naturreservat i Tingvoll kommune, Møre og Romsdal
- Bugen naturreservat i Bremanger kommune, Sogn og Fjordane
- Gaddeskogsvatnet naturreservat i Bremanger kommune, Sogn og Fjordane
- Sørebødalen naturreservat i Høyanger kommune, Sogn og Fjordane
- Torstveit naturreservat i Vindafjord kommune, Rogaland
- Nordåker naturreservat i Tysvær kommune, Rogaland
- Skurvedalen naturreservat i Forsand kommune, Rogaland
- Nordraheia naturreservat i Hjelmeland kommune, Rogaland - utviding
- Øykjeheia naturreservat i Sirdal kommune, Vest-Agder - utviding
- Staven naturreservat i Bygland kommune, Aust-Agder
- Frubæråsen naturreservat i Evje og Hornnes kommune, Aust-Agder
- Eldhusliane naturreservat i Birkenes kommune, Aust-Agder
- Lillestø naturreservat i Froland kommune, Aust-Agder
- Lindedalen naturreservat i Åmli kommune, Aust-Agder
- Bjørnstadfjellet naturreservat i Gjerstad kommune, Aust-Agder - utviding
- Grønhovdåsen naturreservat, Fyresdal og Kviteseid kommunar, Telemark
- Talleivstaulen naturreservat, Seljord kommune, Telemark
- Bjørndalsfjellet naturreservat, Drangedal kommune, Telemark
- Pindalen Øst naturreservat, Drangedal kommune, Telemark
- Urdknuten naturreservat, Drangedal og Skien kommunar, Telemark
- Bambleåsen naturreservat, Bamble kommune, Telemark
- Bandaksliane naturreservat, Kviteseid og Tokke kommunar, Telemark
- Vestre Risenhøgda naturreservat i Marker kommune, Østfold
- Viksætra naturreservat i Åmot kommune, Hedmark
- Skjellingshovde naturreservat, Nordre Land, Søndre Land og Sør-Aurdal kommunar, Oppland – utviding