Historisk arkiv

Føreslår auka straff mot ulovleg fiske av vill laksefisk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Regjeringa har lagt fram eit nytt lovforslag for Stortinget med endringar i lakse- og innlandsfisklova. Målet er å styrkje innsatsen mot ulovleg fiske etter laks, sjøaure og sjørøye.

- Ulovleg fiske er alvorleg miljøkriminalitetet og ein trussel mot dei norske bestandane av laks, sjøaure og sjørøye. Kvart år blir det avdekt eit betydeleg ulovleg fiske av vill laksefisk. Regjeringa ynskjer å styrkje innsatsen mot dette fisket slik at vi betre kan ta vare på desse fiskeartene for framtida, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).

Villaks
Regjeringa føreslår å auke straffa for ulovleg fiske etter laks, sjøaure og sjørøye. Foto: Klima- og miljødepartementet

Noreg husar ein femdel av all atlantisk laks, og Noregs mange vassdrag, kyst- og havområder er nokre av dei viktigaste leveområda for atlantisk villaks. Dei er òg viktige leveområde for dei to andre artane av såkalla anadrom laksefisk: sjøaure og sjørøye. Noreg har eit særleg internasjonalt ansvar for å ta vare på anadrom laksefisk.

Regjeringa har mellom anna føreslått å auke strafferamma frå to til fem års fengsel ved grove brot på føresegnene i lakse- og innlandsfisklova.

- Det ulovlege fisket gjer at talet på gytefisk i vassdraga minkar, og dette kan ha svært negativ effekt, særleg der det ulovlege fisket skjer på sårbare og truga bestandar. Det er viktig at reglane for laksefiske blir følgde, og dette er grunnen til at vi no styrkjer moglegheitene for å handheve lova, seier Rotevatn.

Vidare blir det føreslått ein heimel til å gje administrative gebyr, samt ein heimel til å gjere administrative beslag i fiskereiskap. Det blir òg foreslått ei utviding av høve til å foreta administrativ inndraging til å gjelde meir enn reiskap av liten verdi, og ei utviding av høve til å mellombels nekte registrering av reiskap. Lakse- og innlandsfisklova har som mål at anadrom laksefisk vert forvalta slik at mangfald og produktivitet blir bevart.

I tillegg har regjeringa i år auka budsjettet til Statens naturoppsyn (SNO) for 2020 med 5 millionar kroner til arbeidet mot ulovleg fiske av laksefisk.  Dette inneber ein varig, auka innsats i lakseoppsynet i Noreg.