Auka tilskot til Kings Bay AS på Svalbard
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Klima- og miljødepartementet
Nyheit | Dato: 20.11.2020
Regjeringa foreslår å auke tilskotet til Kings Bay AS med 17, 2 millionar kroner. Selskapet, som står for drifta av forskingsstasjonen i Ny- Ålesund, har mista store delar av inntektene sine frå besøkande forskarar frå inn og utland som følje av koronaepidemien.
– Regjeringa vil at forskingsstasjonen i Ny- Ålesund skal vere ei plattform for internasjonal naturvitskapleg forsking i verdsklasse. Det er avgjerande å halde forskingsstasjonen i gang og sikre langvarige måleseriar som blir nytta i internasjonal klima- og miljøforsking, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).
I revidert nasjonalbudsjett vart tilskotet til Kings Bay AS auka med 18 millionar kroner som følgje av koronapandemien. Selskapet har no nærmast totalt bortfall av inntekter. Regjeringa foreslår difor å auke tilskotet ytterlegare med 17,2 millionar kroner i nysalderinga i statsbudsjettet. Selskapet vil som følje av koronapandemien få ein auke i tilskotet på til saman 35 millionar kroner i 2020.
– Kings Bay har ein krevjande økonomisk situasjon. Eg er nøgd med at regjeringa foreslår å auke tilskotet til selskapet med ytterlegare 17,2 millionar kroner for å kompensere for bortfall av inntekter frå besøkande forskarar, seier Sveinung Rotevatn.
Det auka tilskotet vil gjere driftssituasjonen litt meir føreseieleg for selskapet. Tilskotet betyr at dei kan halde oppe noko av investeringstakta og etterslepet på dei mest nødvendige og kritiske investeringane for å ta vare på infrastrukturen ved Ny-Ålesund. Det er òg nødvendig å styrkje eigenkapitalen til selskapet.