Statsbudsjettet 2021:
Eit rekordstort budsjett for klima og miljø
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Klima- og miljødepartementet
Pressemelding | Nr: 1 | Dato: 07.10.2020
Regjeringa vil medverke til ei grøn omstilling av norsk økonomi, føre ein politikk som gjer at næringslivet kan skape grøne jobbar og bidra til ei meir berekraftig framtid. Vi legg fram eit budsjett med ein tydeleg klima- og miljøprofil. Samla foreslår regjeringa å auke løyvingane med over 11,2 milliardar kroner.
- Klima- og miljøutfordringane er blant dei største oppgåvene vi står overfor i vår tid. Endringar i klima, forureining og tap av natur påverkar helsa, livsgrunnlaget og verdiskapinga til menneska. Dette budsjettet er eit skritt i retning av å løyse store utfordringar, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.
Over 6,2 milliardar kroner til miljøvennleg transport
Regjeringa ønsker eit taktskifte for å ta i bruk teknologi som kan gi meir miljøvennleg transport og alternative drivstoff. Regjeringa løyver om lag 32 milliardar kroner til jernbaneformål i 2021. Det er ein auke på 5,4 milliardar kroner
- Kollektivtilbodet er viktig for å redusere vegtrafikken rundt dei store byane våre. Dette er grunnen til at vi no foreslår 17,3 milliardar kroner til jernbaneinvesteringar i neste års budsjett, ein auke på 4,1 milliardar kroner frå 2020. Vi foreslår òg 6,5 milliardar kroner til å følgje opp belønnings- og byvekstavtalene i 2021. Det er ein auke på over 1 milliard kroner, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF).
Grøn skipsfart er òg eit satsingsområde for regjeringa. Regjeringa foreslår å føre vidare ordninga med å fase inn hurtigbåtar med null- og lågutsleppsløysingar i fylkeskommunale samband med ei ramme for nye tilsegner på 80 millionar kroner i 2021. Grønt skipsfartsprogram sitt arbeid med å realisere grøn flåtefornying av lasteskip skal òg førast vidare med ei løyving på 25 millionar kroner for å bidra til å realisere grøn flåtefornying av lasteskip.
Noreg har gode føresetnader for å vere i førarsetet når det gjeld å fase inn låg- og nullutsleppsteknologi. For å leggje til rette for dette, foreslår regjeringa å frita flyreiser med null- og lågutsleppsteknologi frå flypassasjeravgifta.
2,7 milliardar kroner til fangst, transport og lagring av CO2 – "Langskip"
Rapportane til FN sitt klimapanel viser at det vil vere naudsynt med fangst og lagring av CO2 for å redusere globale klimagassutslepp for å nå temperaturmåla i Parisavtalen. Regjeringa vil følgje opp, og gjennomføre, eit norsk demonstrasjonsprosjekt for fullskala CO2-handtering – Langskip. Regjeringa vil løyve totalt 16,8 milliardar kroner, av dette om lag 2,7 milliardar kroner i 2021 til fangst, transport og lagring av CO2.
- Langskip er det største klimaprosjektet i norsk industri nokon sinne. Noreg står no i spissen for å utvikle ein teknologi verda er heilt avhengig av, skal vi nå måla våre i Parisavtalen. Eit vellukka prosjekt vil bidra vesentleg til utviklinga av CO2-handtering som eit effektivt klimatiltak og vil samstundes vere eit viktig prosjekt for å skape grøn vekst og nye jobbar i Noreg, seier olje- og energiminister Tina Bru (H).
Satsing på klimaforsking, innovasjon og kunnskap
Teknologiutvikling og innovasjon er viktig for å oppnå reduserte klimagassutslepp og omstilling til eit lågutsleppssamfunn.
- Regjeringa fortsett satsinga på forsking for grøn omstilling. Vi løyver 70 millionar kroner til mellom anna forsking på reduksjon av klimagassutslepp, korleis hindre tap av naturmangfald og korleis sikre meir klimatilpassa og berekraftig matproduksjon, seier Sveinung Rotevatn.
- I tillegg er deltakinga i EUs program viktig for grøn omstilling og grøn konkurransekraft. European Green Deal vil styre mykje av EUs politikk dei neste åra, seier Rotevatn.
For å stimulere økonomien under koronapandemien blei regjeringa si grøne omstillingspakke på totalt 3,6 milliardar kroner vedteken i juni. Her er mellom anna ei ekstra løyving til Enova på 2 milliardar kroner i 2020 og 333 millionar kroner til Grøn plattform i 2021.
Verdas naturressursar er under auka press. Det er derfor viktig for klimaet og naturen at ressursane blir brukt langt meir effektivt. Regjeringa vil bidra til overgangen til ein meir sirkulær økonomi og foreslår å løyve 40 millionar kroner til dette formålet.
Meir pengar til å ta vare på naturen
Regjeringa foreslår mellom anna å løyve 30 millionar kroner til å starte oppryddinga av forureina sjøbotn i Hammerfest Havn. Massane som vert fjerna vil bli deponert og danne fundament til ny sentrums- og hurtigrutekai og ny fiskerikai.
- Dette er både eit naudsynt miljøprosjekt og eit viktig samferdselsprosjekt for Hammerfest, seier Rotevatn.
- Ei grøn framtid føreset at vi tek vare på naturen. Regjeringa styrker arbeidet med å ta vare på naturmangfaldet med 15 millionar kroner, seier Rotevatn.