Endringar i motorferdslelova
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Klima- og miljødepartementet
Nyheit | Dato: 23.10.2020
Regjeringa foreslår endringar i motorferdslelova som mellom anna mjukar opp reglane for å køyre elektrisk båt på små vatn. Statens naturoppsyn får styrka moglegheit til å kontrollere lova meir effektivt.
Eit av forslaga i proposisjonen til Stortinget er at kommunen kan opne for motorfartøy med elektrisk motor opptil 800 watt på innsjøar som er mindre enn to kvadratkilometer. Kommunen skal mellom anna ta omsyn til viltarter og fuglar når den vurderer å opne for ferdsle. Eit anna forslag er at Statens naturoppsyn får betre moglegheit til kontroll med førarar av motorkøyretøy eller fartøy.
- Stortinget har bedt regjeringa om ei oppmjuking av reglane for bruk av elmotor med begrensa effekt på små vatn. No følger vi opp dette. I tillegg styrkar vi motorferdslelova, ved at Statens naturoppsyn kan handheve lova meir effektivt, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.
Det første forslaget er ei oppmjuking av forbodet mot motorfartøy på vatn under to kvadratkilometer i paragraf 5 i motorferdslelova. Når kommunen vurderer om det skal opnast for slik ferdsle, skal den legge vekt på omsynet til vatnet som levestad for viltarter og fuglar, og særskilt vekt på omsynet til hekkeområde. Kommunane kan ikkje opne for motorferdsle som inneber vesentleg skade på fugleliv.
Forslaget bygger på Stortinget sitt vedtak nr. 815, 2017-2018. Lovforslaget skil seg likevel litt frå dette ved at kommunen kan velje å opne for denne type ferdsle på bestemte vatn gjennom ei generell forskrift, ikkje berre gjennom enkeltvedtak. Det er tatt omsyn til innspel frå fleire høyringsinstansar som viser til at dette er enklare for kommunen.
Det andre forslaget i proposisjonen gjeld Statens naturoppsyn si moglegheit til kontroll med motorferdsle etter paragrafane 12 a og b. Statens naturoppsyn kan i dag krevje at førar av snøscooter viser fram førarkort og vognkort i tillegg til naudsynte løyve og dispensasjonar, og gje gebyr ved lovbrot. Etter forslaget i proposisjonen vil Statens naturoppsyn kunne gjere dette også når det gjeld førarar av andre typar motorkøyretøy eller fartøy.
Det tredje forslaget i proposisjonen gjeld enkelte mindre endringar i motorferdslelova sine reglar om mynde og delegering i § 4 a og § 5. Grunnen er eit ønske om betre samsvar mellom kommunelova og motorferdslelova.