Endringar i rovviltforskrifta
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Klima- og miljødepartementet
Nyheit | Dato: 19.10.2020
Kommunar får høve til å klage på vedtak om kvotar for jakt og felling av rovvilt. I tillegg får Landbruksdirektoratet rett til å gje uttale til regionale forvaltningsplanar for rovvilt. Dette er nokre av endringane i rovviltforskrifta som Klima- og miljødepartementet har fastsett.
- I dag har ikkje kommunar høve til å klage på vedtak om kvotar for jakt eller felling etter rovviltforskrifta. Vi har fått innspel om at kommunar blir påverka av kvotevedtak og at dei derfor bør ha klagerett. Dette har vi no innfridd, slik at kommunar med tilknyting til vedtaket har fått høve til å klage, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.
Forskrifta gjennomfører ei rekkje av dei planlagde endringane som Klima- og miljødepartementet orienterte Stortinget om denne våren. Stortinget handsama proposisjonen og stortingsmeldinga om mellom anna endringar i naturmangfaldlova i juni.
Tidlegare har berre Miljødirektoratet hatt høve til å uttale seg til forvaltningsplanar for rovvilt før dei blir vedtekne av rovviltnemndene. For å sikre at det landbruksfaglege også er følgt opp på ein god måte av nemndene, er det no opna for at Landbruksdirektoratet kan gje uttale til forvaltningsplanar.
Det er også etablert reglar om auka samarbeid mellom rovviltnemnder i tilgrensande forvaltningsregionar. Dersom det oppstår usemje mellom rovviltnemnder om ein forvaltningsplan, kan ei nemnd bringe planen inn for Klima- og miljødepartementet.
Oppfølging av regionreforma
Det er gjort nokre presiseringar og justeringar i rovviltforskrifta for å følgje opp regionreforma. Dagens inndeling i åtte rovviltregionar blir vidareført.
Andre endringar
I tillegg er det teke inn presiseringar i forskrifta på bakgrunn av endringa i naturmangfaldlova § 18 frå juni 2020, om at det skal leggast vekt på om bestandsmål er nådd når ein vurderer uttak av rovvilt etter naturmangfaldlova § 18 første ledd bokstav c.
Høyring av endringar i rovviltforvaltninga
Prop. 90 L om endringar i naturmangfaldlova