Erstatning for tap av sau og lam til rovvilt held fram på historisk lågt nivå
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Klima- og miljødepartementet
Nyheit | Dato: 28.01.2020
Dei siste ti åra er talet på sau og lam erstatta som tatt av rovvilt halvert. Ei tydeleg praktisering av soneforvaltninga, meir effektiv skadefelling og førebyggjande tiltak kan forklare utviklinga.
- At tapstalla til rovvilt held fram på historisk lågt nivå viser at rovviltpolitikken i Noreg fungerar særs godt. Det er gode nyheiter både for beitenæringa og rovdyra, seier den nye klima- og miljøministeren, Sveinung Rotevatn (V).
Forvaltninga arbeider kontinuerleg for å redusere tap av beitedyr, mellom anna gjennom førebyggjande tiltak og ved å gjere skadefelling meir effektivt. I tillegg er soneforvaltninga, med område prioritert til beitedyr og rovdyr, eit viktig verkemedel i forvaltninga av rovdyr.
Tap til ulv rekordlågt
Tapa til ulv var i fjor dei lågaste på ti år, med 1 455 sauer og lam erstatta.
Av dei område kor det vart registrert tap så var det delar av Trøndelag og Nord-Østerdalen som hadde flest dyr tapt til ulv.
- Forvaltninga av ulven må balansere dei ulike interessene og eg er difor glad for at tala frå Miljødirektoratet syner at tap av sau og lam til ulv i 2019 var det lågaste på ti år, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.
Høge tap i nokre område
Det er geografiske skilnader i fordelinga av rovvilttap. Trøndelag er det fylket med størst tap av sau og lam til rovvilt. Meir enn halvparten av erstatninga for tap til bjørn, vart utbetalt i Trøndelag. På trass av høge tap i einskilde område, er det samla talet sau erstatta som tatt av bjørn det lågaste sidan 2014. Jerven er det dyret som voldar flest skader på sau og lam.
- Eg har forståing for at det har vore utfordrande med rovvilt i einskilde område av landet, mellom anna i Trøndelag. Forvaltninga jobbar kontinuerleg for å redusere tap av beitedyr, og i fjor vart budsjetta auka med ti millionar kroner til førebyggjande og konfliktdempande tiltak, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.
Du kan lese meir her.