Feil tal for utsleppa i 2025 i Nasjonalbudsjettet og KLDs budsjettproposisjon
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Klima- og miljødepartementet
Nyheit | Dato: 08.10.2020
I tabell 3.13 i Nasjonalbudsjettet (Meld. St. 1 (2020-2021)) og tabell 13.1 i KLDs budsjettproposisjon (Prop. 1 S (2020-2021) er det oppgitt feil tal i kolonna for utsleppa i 2025. Feilen innebar at dei fleste tala for 2025 var for høge. I tabellen under er riktige tal vist. Ein ventar at både dei kvotepliktige og dei ikkje-kvotepliktige utsleppa vil gå ned frå 2020 til 2025, og vidare ned til 2030. Samla utslepp er venta å gå ned frå 49,4 mill. tonn CO2-ekvivalentar i 2020 til 46,7 mill. tonn i 2025 og vidare til 40,8 mill. tonn i 2030.
Det er også omtale av desse tala som er feil i Nasjonalbudsjettet (Meld. St. 1 (2020-2021)) og i KLDs budsjettproposisjon (Prop. 1 S (2020-2021). I Nasjonalbudsjettet står det i kapittel 3.7.4: "De samlede utslippene er likevel anslått å avta noe mot 2025, selv om utslippene fra ikke-kvotepliktig transport er ventet å være litt høyere i 2025 enn 2020." I Klimalovrapporteringa i KLDs budsjettproposisjon står det i kapittel 13.2: "Dei samla utsleppa er likevel vurdert å minke noko mot 2025, sjølv om utsleppa frå transport er venta å vere litt høgare i 2025 enn 2020." Dette er ikkje riktig, då framskrivinga syner reduserte utslepp frå transport frå 2020 til 2025. Det vil bli sendt ut rettebrev om desse feila.
1 Utgangspunktet for det norske utsleppsbudsjettet under innsatsfordelingsforordninga er førebels vurdert til 28,5 mill. tonn i CO2-ekvivalentar.
2 Førebelse utsleppstal for 2019. For opptak av skog og andre landareal er det brukt 2018-tal.
3 Inkluderer kvotepliktig energiforsyning og luftfart
4 Inkluderer ikkje-kvotepliktige utslepp frå industri, petroleumsverksemd og energiforsyning i tillegg til oppvarming og andre kjelder.
Kjelder: Statistisk sentralbyrå, Miljødirektoratet, Norsk institutt for bioøkonomi og Finansdepartementet.