Gir Enova eit sterkare klimamandat
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Klima- og miljødepartementet
Nyheit | Dato: 16.12.2020
Klima- og miljødepartementet og Enova har underteikna ei ny styringsavtale for forvaltinga av pengane i Klima- og energifondet for perioden 2021-2024. Den nye styringsavtala inneber ei ytterlegare spissing av Enova som klimaverkemiddel.
Vi har store utfordringar framfor oss dei neste åra, og vi har sett oss ambisiøse klimamål. I februar auka vi klimamålet for 2030 til ein reduksjon på 50-55 prosent, og i 2050 skal vi vere eit lågutsleppssamfunn.
- Enova er eit av dei viktigaste klimaverkemidla vi har. Med denne nye styringsavtala vil Enova dei neste fire åra blant anna medverke til at vi får fleire nullutsleppslastebilar på vegane, ei vidare utvikling innan utsleppsfri sjøfart og innovasjon i industrien, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V)
Les den nye styringsavtalen her.
Regjeringa satsar tungt på Enova og i 2021 vert Klima- og energifondet løyva 3,3 milliardar kroner. Det er meir enn nokon gong, og ei auke på 1,6 milliardar kroner sidan 2013.
Nytt formål
Formålet til Enova vil framover vere å bidra til å nå Noreg sine klimaforpliktingar og medverke til omstillinga til lågutsleppssamfunnet. Dette vert utdjupa gjennom delmål om å medverke til a) reduserte ikkje-kvotepliktige klimagassutslepp mot 2030, og b) teknologiutvikling og innovasjon som bidreg til utsleppsreduksjonar fram mot lågutsleppssamfunnet i 2050.
- Den nye styringsavtala legg godt til rette for eit styrka og spissa klimaverkemiddel som vil bringe oss nærare våre klimamål på ein effektiv måte. Enova vil medverke til lågare ikkje-kvotepliktige utslepp, og til den naudsynte teknologiutviklinga i alle sektorar fram mot både 2030 og lågutsleppssamfunnet i 2050, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.
For å nå klimamåla våre og greie omstillinga til lågutsleppsamfunnet krevst det omfattande elektrifisering, ikkje minst i transportsektoren. Eit fleksibelt energisystem er viktig for å gjere det mogleg med raske og effektive utsleppskutt og omstilling til lågutsleppsamfunnet. Enova vil også i neste avtaleperiode spele ei rolle her.
Innsats der den gir mest effekt
Enova skal halde fram med å rette aktiviteten sin mot seinfase teknologiutvikling og tidleg marknadsintroduksjon. Målet skal framleis vere å oppnå varige marknadsendringar sånn at løysingar tilpassa lågutsleppsamfunnet på sikt blir føretrekte utan stønad.
- Vi har ambisiøse mål i klimapolitikken og er avhengig av verkemiddel som effektivt omset pengar til handling. Den overordna styringa av Enova gjennom fireårige styringsavtaler er viktig fordi den gir langsiktigheit, føreseielegheit og fleksibilitet, og let oss nytte Enovas fagkompetanse, seier Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).
Innanfor rammene av avtala har Enova fagleg fridom til å prioritere mellom område, utforme program og tildele støtte til enkeltprosjekt. Enova skal prioritere innsatsen der den gjev mest effekt og moglegheitene for å påverke utviklinga er størst, og mot teknologiar og løysingar som er tilpassa lågutsleppssamfunnet.