Revidert nasjonalbudsjett
Vil grave fram det første vikingskipet på 100 år
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Klima- og miljødepartementet
Pressemelding | Nr: 1 | Dato: 12.05.2020
Regjeringa har lagt fram forslag om å auke Riksantikvaren sitt budsjett med 15,6 millionar kroner. Midla skal dekke ei arkeologisk utgraving av Gjellestadskipet i Halden.
- Funnet av Gjellestadskipet frå vikingtida er viktig både nasjonalt og internasjonalt. Det er over 100 år sidan det sist vart grave ut eit vikingskip i Noreg. No gjer vi det for å ta vare på det som er att av skipet og sikre at viktig kunnskap om vikingtida sikrast for allmenta, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.
Grava med Gjellestadskipet vart funne ved ei arkeologisk undersøking i 2018. Undersøkingane viste at skipet er bygd i eik, antakeleg frå Vestlandet. Det kan tidlegast ha vorte bygd i år 733 e.Kr. Skipsrestane har svært dårlege bevaringsforhold og det er antatt at berre kjølen av skipet er fullstendig bevart. Ei arkeologisk utgraving kan likevel gi mykje kunnskap om skipet og om skipsbygging i vikingtida.
- Gjellestadskipet er eit sensasjonelt funn. Noreg har eit spesielt ansvar for å ta vare på denne unike arven frå vikingtida, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.
På grunn av dei svært dårlege bevaringsforholda for skipet må det setjast i gong ei arkeologisk utgraving allereie i år. Etterarbeidet og konserveringa vil strekke seg over fleire år. Arbeidet vil gå føre frå 2020 til 2022, og samla kostnader er berekna til 23,5 millionar kroner. Det er ikkje tatt stilling til kva som vil skje med restane av skipet etter utgravinga.
Funnet av Gjellestadskipet har fått stor merksemd både nasjonalt og internasjonalt. Gjellestadskipet kan når det gjeld breidde/lengde, datering og type samanliknas med dei kjente Osebergskipet, Gokstadskipet og Tuneskipet som er utstilt på Vikingskipshuset på Bygdøy.