Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2021:

KLD sitt budsjett for 2021

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Budsjettet for Klima- og miljødepartementet aukar med 9,1 prosent frå 15,5 milliardar kroner til 16,9 milliardar kroner i 2021. Om lag 1,1 milliardar kroner av auken knyter seg til ordninga med CO2-kompensasjon for industrien, hovudsakleg som følgje av endring i kvotepris.

Regjeringa vil føre ein ambisiøs klima- og miljøpolitikk som byggjer på forvaltaransvaret og føre var-prinsippet. Noreg skal vere ein pådrivar i det internasjonale klimaarbeidet for å nå måla i Parisavtalen og omstille seg slik at vi oppfyller klimaforpliktingane våre.

- Tiltak for å redusere klimagassutslepp og tilpasse samfunnet til klimaendringane er ei av hovudprioriteringane for regjeringa. Viktige klimapolitiske satsingar ligg òg under budsjetta for andre departement, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).

Ferge på en fjord
El-ferga Rovdehorn går mellom Sykkylven og Ålesund. Tiltak for å få fleire ferger og hurtigbåtar med låge eller ingen utslepp er eit satsingsområde i klimapolitikken i statsbudsjettet 2021. Foto: Snorre Tønset

Klima

Teknologiutvikling og innovasjon er viktig for å oppnå reduserte klimagassutslepp og omstilling til lågutsleppsamfunnet. Enova er eit sentralt verkemiddel for å nå desse måla. Regjeringa vil halde fram den betydelege satsinga gjennom Enova i neste avtaleperiode (2021-2024) og spisse Enova som klimaverkemiddel. Ny styringsavtale vil vektleggje reduksjon av ikkje-kvotepliktige klimagassutslepp mot 2030 og teknologiutvikling og innovasjon som medverkar til utsleppsreduksjonar fram mot lågutsleppsamfunnet i 2050.

Grøn skipsfart er ein viktig del av arbeidet for å innfri klimaforpliktingane våre og eit satsingsområde i klimapolitikken til regjeringa. Regjeringa vil halvere utsleppa frå innanriks sjøfart og fiske innan 2030 og stimulere til utvikling av null- og lågutsleppsløysingar i alle fartøykategoriar. Regjeringa foreslår å vidareføre tiltak for auka bruk av null- og lågutsleppsløysingar i fylkeskommunale hurtigbåtsamband og i arbeidet med grøn flåtefornying av lasteskip.

Grøn omstilling

Forsking og innovasjon er viktig for å skape ei grøn framtid. Regjeringa foreslår å auke løyvinga til forsking for grøn omstilling knytt til blant anna arealbruk, berekraftige byar, hav og lågutsleppsteknologi.

Regjeringa vil også fortsette å støtte kommunale og fylkeskommunale klimatiltak gjennom Klimasatsordninga. Ordninga skal fremme klimatiltak i kommunar og fylkeskommunar ved å støtte prosjekt som medverkar til reduksjon i utslepp av klimagassar og omstilling til lågutsleppsamfunnet.

Sirkulær økonomi

Regjeringa ønskjer å gjere økonomien meir sirkulær for å halde verdiane av ressursane lenger i kretsløpet og bruke dei meir effektivt. Regjeringa foreslår å auke løyvingane til tiltak for sirkulær økonomi. Målet er å bidra til ei meir effektiv ressursutnytting, avgrense negativ påverknad på klima- og miljø og bidra til fleire arbeidsplassar og betre lønnsemd i næringslivet.

Forureining

Regjeringa vil styrke arbeidet med å rydde opp i forureina sjøbotn og foreslår å løyve pengar til å starte opprydding av forureina sjøbotn i Hammerfest Havn. Prosjektet skal gå over tre år og er eit samarbeid mellom Hammerfest kommune, Hammerfest Havn KF og Kystverket. Massane som blir fjerna, vil bli deponerte og danne fundament til ny sentrums- og hurtigrutekai og ny fiskerikai som er eit viktig samferdselprosjekt for Hammerfest.

Det grunnleggjande arbeidet for å motverke forureining vil halde fram. Regjeringa vil føre vidare arbeidet mot plastforureining, mellom anna gjennom å vidareføre Noregs internasjonale leiarrolle i dette arbeidet og få på plass ein ny global avtale. Regjeringa foreslår òg å føre vidare tilskotsordninga til opprydding av marint avfall og til førebyggjande arbeid.

Ny vêrradar

Klimaendringane aukar omfanget av vêr som samfunnet ikkje er budd på, og vêrhendingar som er vanskelege å føreseie. Regjeringa er oppteken av sikker og god varsling av farleg vêr i alle delar av landet og foreslår å byggje ein ny vêrradar på Finnmarksvidda. Vêrradaren vil gi god overvaking av nedbøren i heile Finnmark og vere ein viktig reiskap spesielt for å varsle ekstremvêr og flaum.

Natur

Pengar til arbeidet med å betre kunnskapen om naturmangfaldet gjennom kartlegging og overvaking blir ført vidare på om lag same nivå som i 2020. Det same gjeld for skogvern. Regjeringa vil òg halde fram arbeidet med å styrke friluftslivet gjennom sikring og tilrettelegging av viktige friluftslivsområde, og stimulering til auka friluftslivsaktivitet for alle.

 

Talfesting av prioriterte tiltak i Klima- og miljødepartementet sitt budsjettforslag:

  • Regjeringa føreslår å føre vidare ordninga for innfasing av hurtigbåtar med null- og lågutsleppsløysingar i fylkeskommunale samband med ei ramme for nye tilsegner på 80 millionar kroner i 2021. Regjeringa foreslår òg å løyve 25 millionar kroner til vidareføring av Grønt skipsfartsprogram sitt arbeid med å realisere grøn flåtefornying av lasteskip.
  • Regjeringa foreslår å styrke satsinga på forsking og innovasjon for grøn omstilling med 50 millionar kroner.
  • Regjeringa foreslår å føre vidare tilskotsordninga Klimasats i 2021 med ei ramme for nye tilsegner på 100 millionar kroner.
  • Det blir foreslått å løyve 40 millionar kroner i 2021 til tiltak som vil medverke til overgangen til ein meir sirkulær økonomi.
  • Regjeringa foreslår å løyve 30 millionar kroner i 2021 til oppstart av opprydding i Hammerfest hamn.
  • Regjeringa foreslår å løyve 27,8 millionar kroner til å byggje ein ny vêrradar på Finnmarksvidda.
  • Regjeringa foreslår å føre vidare satsinga på skogvern på same nivå som i 2020 med om lag 455 millionar kroner.
  • Regjeringa foreslår å auke løyvinga til kunnskap for ei heilskapleg og økosystembasert forvaltning av naturen med 5 millionar kroner.
  • Det blir foreslått å auke løyvinga til å følgje opp ny heilskapleg plan for Oslofjorden med 5 millionar kroner.
  • Regjeringa er oppteken av å motverke miljøkriminalitet og foreslår å løyve 3 millionar kroner til å følgje opp ny stortingsmelding om miljøkriminalitet.
  • For 2021 er det foreslått 7,9 millionar kroner til å ferdigstille undersøkinga av Gjellestadskipet i Halden kommune, som blei starta i 2020, med ein estimert kostnad på 23,5 millionar kroner.
  • I 2021 vil Klima- og skoginitiativet halde fram med å satse på berekraftig utvikling i tropiske skogland og å auke privat næringsliv sin innsats for redusert avskoging. Løyvinga er foreslått ført vidare på same nivå som i 2020 med 3,2 milliardar kroner.