Nordisk ministerstøtte til klima og grøn omstilling
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Klima- og miljødepartementet
Nyheit | Dato: 30.04.2020
Dei nordiske ministrane står fast på dei globale klima- og miljøambisjonane sine. Dei understrekar at grøn gjenoppbygging etter Covid-19-pandemien er svært viktig. 2020 er eit viktig år for oppfølging av Parisavtalen sjølv om årets forhandlingsrunde (COP26) er utsett til 2021.
Under Nordisk ministermøte 30. april blei dei nordiske landa einige om ei erklæring som understrekar viktigheita av den globale klimaagendaen.
Storbritannia deltok på møtet i fordi landet no har formannskapet i for klimaforhandlingane (COP26).
På møtet var det semje om at det er viktig å legge til rette for ei grøn gjenoppbygging etter Covid-19 pandemien.
- Eit ambisiøst og godt resultat av COP26 krev at fleire land gjer som Noreg og melder inn nye eller oppdaterte utsleppsmål til FN i 2020. Dei nordiske landa vil halde fram med å jobbe for forsterka internasjonale klimaambisjonar og for at den økonomiske gjenoppbygginga etter Covid-19 må bidra til den grøne omstillinga, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).
7. februar sendte Norge inn sitt forsterka klimamål til FN. Målet er å kutte utsleppa med 50 til 55 prosent innan 2030.
Forsterka innsats mot kjemikaliar
Dei nordiske ministrane vedtok på møtet og ei erklæring om å støtte eit nytt ambisiøst globalt rammeverk for kjemikaliar og avfall etter 2020 . Norden meiner eit kjemikalierammeverk skal gjelde alle offentlege og private aktørar og er viktig for ei forsvarleg og berekraftig handtering av kjemikaliar og avfall.
- Verda bruker stadig meir kjemikaliar. Vi har i dag ei global målsetjing om at slike stoff skal ha eit minimum av negative effektar på miljø og helse innan 2020. Dette målet er langt frå oppnådd. Norden har tradisjon for å vere pådrivar i kjemikaliepolitikken og vil halde fram med dette internasjonalt, seier Rotevatn
Ministrane drøfta òg Norden si leiarrolle i arbeidet med ein global avtale mot marin forsøpling og mikroplast, og behovet for vidare politikkutvikling.
Det fann òg stad ein diskusjon om oppfølginga av den nye visjonen for Nordisk Ministerråd som blei vedteke i 2019 for å skape eit grønt, konkurransekraftig og sosialt berekraftig Norden.