Historisk arkiv

Regjeringa vernar 30 viktige skogområde

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Regjeringa vernar i dag 30 skogområde i sju fylke. Områda er levestad for ei rekkje truga arter. Mange av områda har svært høge verneverdiar, med lågtliggande og produktiv skog som er spesielt viktig i skogvernet.

- Vern av skog er særs viktig for å ta vare på norsk naturmangfald. I skogen har vi meir enn 1100 truga arter, og 13 truga naturtypar. Hundrevis av insektartar, soppartar og enkelte fuglar er avhengige av daud ved og gamal skog. Vi skal difor verne dei viktigaste skogareala for å betre tilhøva for dei truga artane og naturtypane, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.

Oversiktskart
Oversiktskart over de nye skogområdene som er vernet.

Vernevedtaket utgjer til saman om lag 51 km2 nytt verneareal med 42 km2 produktiv skog. Alle områda inngår i arbeidet med frivillig vern av privateigd skog.

Les meir om dei nye verneområda på Miljødirektoratet sine nettsider.

Satsinga på skogvern er meir enn dobla frå førre regjeringsperiode. Frå og med 2014 er det på 7 år i alt løyva om lag 2,85 milliardar kroner til skogvern.

Veteren naturreservat
Veteren naturreservat i Flå kommune har uvanlig høye naturverdier knyttet til gammel rik lavlandsgranskog. Foto: Tom Hellik Hofton

Svært høge verneverdiar    

Fleire av områda som no er verna har svært høge verneverdiar, med lågtliggande og produktiv skog som er særleg viktig i skogvernet.

Dette gjeld mellom anna Veteren naturreservat i Flå kommune, som har uvanleg gamal og rik låglandsgranskog som er levestad for mange truga artar.

Korpen og Sagkollen naturreservat i Larvik kommune er eit område med uvanleg stor variasjon av rike edellauvskogar. Her er både svært rik og gamal bøkeskog, større areal med frodig og artsrik skog dominert av ask og alm, rik eik-lindeskog og innslag av grove hole eiketre.

Eikeskog
Gammel lågurt-eikeskog som nå er vernet i Korpen og Sagkollen naturreservat i Larvik kommune. Området har stor variasjon av rik gammel edellauvskog, og er levested for en rekke truede arter. Foto: Fylkesmannen i Vestfold og Telemark

I Linddalsfjellet og Sydalen naturreservat i Evje og Hornnes finst eit unikt område med urskog av lind. Dette er det største og mest velutvikla området med lindeskog på Sørlandet. Naturreservatet har og ei viktig bekkekløft og viktig naturmangfald i eikeskog og furuskog.                                                                                                

Stor interesse for frivillig skogvern

Samarbeidet om frivillig vern av privateigd skog starta i 2003, og har vore svært vellukka. Til no er om lag 640 skogområde verna i dette samarbeidet mellom miljøstyresmaktene og skogeigarorganisasjonane. Interessa for frivillig vern av privateigd skog er stor, og ein vil arbeide vidare med å verne mange nye område dei næraste åra.

- Det er bra at så mange skogeigarar tilbyr frivillig vern. Skogeigaranes organisasjonar gjer ein stor innsats for å få fram tilbod om vern av dei viktigaste skogareala. Utan innsatsen frå skogeigarane og deira organisasjonar hadde vi ikkje fått verna så mykje skog, seier statsråd Rotevatn.

Ved frivillig vern av skog definerer miljøstyresmaktene kva for skogtypar og skogareal som bør vernast. Ut frå dette tilbyr skogeigarar areal for vern. Miljøstyresmaktene tar stilling til om skogen har naturfaglege kvalitetar som tilseier at den bør vernast, og deretter forhandlar skogeigar og staten fram ein avtale om frivillig vern. Skogeiegar avstår retten til å drive skogbruk i naturreservatet, og vil få erstatning for tapet av framtidig inntekt frå skogbruk i området.

Normalt er jakt, fiske og hausting av bær og sopp tillate. Skogeigar har framleis eigedomsretten og jakt- fiske og beiterettar i området. Eventuelle hytter eller setrar kan han eller ho bruke og vedlikehalde som før. Dersom skogeigar ikkje er nøgd med utfallet kan han eller ho trekke seg undervegs i verneprosessen.

Mål og prioriteringar i skogvernet

I tillegg til å bidra til målet om 10 prosent skogvern, vil vernevedtaket og bidra til å nå særleg følgjande to nasjonal mål for naturmangfald:

  • Et representativt utval av norsk natur skal takast vare på for komande generasjonar.
  • Ingen artar og naturtypar skal utryddast, og utviklinga til trua og nær trua artar og naturtypar skal betrast.

Det er no verna om lag 5 prosent av all skog og 3,8 prosent av den produktive skogen i Noreg. Forskjellen i prosentandel skuldast i hovudsak at marginal fjellskog er verna i nasjonalparkar. Framover vil regjeringa prioritere vern av lågtliggande og  høgproduktiv skog som er viktig for raudlista artar og naturtypar. Prioriteringa vil sikre at ressursbruken til skogvern bidreg kostnadseffektivt til dei nasjonale måla for naturmangfald som er nemnt over.

  1. Liabygda naturreservat i Stranda kommune, Møre og Romsdal
  2. Stemnebøskogen naturreservat i Gulen kommune, Vestland
  3. Bogane naturreservat i Kinn kommune, Vestland
  4. Rupefjell og Selslinatten naturreservat, Notodden kommune i Vestfold og Telemark og Kongsberg kommune i Viken
  5. Røsaker naturreservat i Skien kommune, Vestfold og Telemark
  6. Rollagåsen naturreservat i Tinn kommune, Vestfold og Telemark
  7. Korpen og Sagkollen naturreservat (utvidelse) i Larvik kommune, Vestfold og Telemark
  8. Flisefyr og Hidalen naturreservat (utvidelse) i Sandefjord kommune, Vestfold og Telemark
  9. Trillemarka-Rollagsfjell naturreservat (utvidelse) i Sigdal kommune, Viken
  10. Ultvedttjern naturreservat (utvidelse) i Ringerike kommune, Viken
  11. Tofteskogen naturreservat (utvidelse) i Asker kommune, Viken
  12. Sagåsen og Stueåsen naturreservat (utvidelse) i Sarpsborg kommune, Viken
  13. Holene naturreservat i Indre Østfold kommune, Viken
  14. Gyrihelleren naturreservat i Indre Østfold kommune, Viken
  15. Sæter naturreservat i Indre Østfold kommune, Viken
  16. Finnskutt og Haugen naturreservat i Rakkestad kommune, Viken
  17. Matholhøgda naturreservat i Aremark kommune, Viken
  18. Vestfjella naturreservat (utvidelse) i Aremark og Halden kommuner, Viken
  19. Lilleøya naturreservat i Halden kommune, Viken
  20. Burumtjern naturreservat i Marker kommune, Viken
  21. Budeiberget naturreservat (utvidelse) i Nordre Land kommune, Innlandet
  22. Bårvassåsen naturreservat i Indre Fosen kommune, Trøndelag
  23. Vargøylia naturreservat i Indre Fosen kommune, Trøndelag
  24. Sjølingelve naturreservat i Flå kommune, Viken
  25. Veteren naturreservat i Flå kommune, Viken
  26. Skirvedalen naturreservat (utvidelse) i Tinn kommune, Vestfold og Telemark og i Rollag kommune, Viken
  27. Sandvik naturreservat i Fyresdal kommune, Vestfold og Telemark
  28. Hovdefjell naturreservat i Vegårshei og Åmli kommuner, Agder
  29. Linddalsfjellet og Sydalen naturreservat (utvidelse) i Evje og Hornnes kommune, Agder
  1. Kvelderønningen naturreservat i Larvik kommune, Vestfold og Telemark.