Statsbudsjettet 2021:
Regjeringa vidarefører Klimasats
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Klima- og miljødepartementet
Pressemelding | Nr: 5 | Dato: 07.10.2020
Regjeringa foreslår å vidareføre ordninga Klimasats med ei ramme for nye tilsegner på 100 millionar kroner i eit år. Gjennom Klimasats kan kommunar og fylkeskommunar søke om støtte til prosjekt som kuttar klimagassutslepp og bidreg til omstilling til lågutsleppsamfunnet.
- Vi er heilt avhengige av det lokale klimaarbeidet for å nå dei nasjonale klimamåla. Rekordmange kommunar har søkt om pengar frå Klimasats i år. Det vitnar om stort engasjement i kommunane. Med ei vidareføring av ordninga vil enda fleire kommunar kunne gjennomføre prosjekt som gir klimagassreduksjonar og bidreg til utvikling av klimavennleg teknologi og arbeidsplassar, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).
Vidareføringa på 100 millionar kroner vil bidra til å utløyse nye klimasatsprosjekt over heile landet. Tiltaka vil stimulere til auka aktivitet i både kommunar og privat sektor. Kommunane vil kunne søke om støtte til blant anna klimavennlege bygg og til å bygge opp auka kompetanse og kapasitet for klimavennlege offentlege innkjøp i kommunane. Utvikling av hurtigbåtar med null- og lågutsleppsløysingar (grøn skipsfart) vert vidareført på eigen budsjettpost frå og med 2021 med ei ramme for nye tilsegn på 80 millionar kroner.
Kommunar samarbeider
Tilbakemeldinga frå kommunane er at Klimasats gjer det enklare å få sett klimatiltak på agendaen lokalt og få gjennomført dei. Kommunane ser òg fordelane med å samarbeide med kvarandre. I år fekk hamnene i Oslofjorden, Oslo, Larvik, Drammen, Fredrikstad, Porsgrunn, Kristiansand og Moss støtte til å greie ut korleis dei kan redusere klimagassutslepp frå hamner og sjøtransport i Oslofjord-området. Det er billigare og betre for kvar enkelt kommune å finne dei mest effektive klimaløysingane når dei samarbeider. Dessutan gir prosjektet verdifull kunnskap for andre hamner i landet.
Klimasats på Svalbard
På Svalbard og i Arktis ser vi allereie dramatiske klimaendringar. Ingen stadar på kloden skjer oppvarminga raskare enn her. Regjeringa tek difor sikte på å inkludere Longyearbyen lokalstyre i ordninga slik at også dei kan søke om klimasatsmidlar for å gjennomføre klimatiltak.
Om ordninga
Klimasatsordninga blei oppretta i 2016 og var meint å vare i fem år. Sidan då har ordninga støtta rundt 1300 prosjekt i kommunar i alle delar av landet med 900 millionar kroner. Ei evaluering av ordninga gjennomført av Menon Economics viser at Klimasats bidreg til direkte utsleppsreduksjonar og hjelper fram bruk av klimavennlege teknologiar, som til dømes elektriske tenestebilar, utsleppsfrie anleggsmaskiner og klimavennlege materiale i kommunale bygg.
Klimasats har òg bidrege til at kommunar samarbeider meir og deler ny kunnskap med kvarandre.