Historisk arkiv

Revidert nasjonalbudsjett

Støttar nytt nødaggregat på Trollstasjonen i Antarktis

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Regjeringa foreslår å løyve 23,8 millionar kroner til nytt nødaggregat til Trollstasjonen i Antarktis i revidert nasjonalbudsjett 2020.

Aggregatet vil ha kapasitet til å forsyne hovudbygningen med lys og varme, og alle dei andre tekniske installasjonane på stasjonen med tilstrekkelig straum, i ein nødsituasjon.

Noreg sin heilårlege forskingsstasjon Troll er den sentrale plattforma for norsk forsking i Antarktis.

- ForskningsstasjonenTroll legg til rette for norsk nærvær og forsking i Antarktis og er eit viktig element i norsk Antarktispolitikk. Det er difor av overordna nasjonal tyding å oppretthalde Troll som eit trygt, effektivt og driftsikkert grunnlag for norsk kartlegging, overvaking og forsking i dette området, sier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).

 

 

Trollstasjonen leverer i tillegg straum og tenester til nasjonale og internasjonale institusjonar som har anlegg på Trollstasjonen. Det er EUs satellittnavigasjon Galileo, NILUs luftmålstasjon, UiOs observatorium og KSAT-satellittantenner som leser ned nær-sanntids-data som blir brukt til vermeldingstenester i Europa og USA og i forvaltning av, og forsking på, klima, miljø og hav.