Statsbudsjettet 2022:
Følger opp klimaplanen: Aukar CO2-avgifta med 28 prosent
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Klima- og miljødepartementet
Nyheit | Dato: 12.10.2021
Regjeringa følgjer opp klimaplanen i sitt budsjettforslag med å auke CO2-avgifta med 28 prosent utover prisjustering, frå 591 kroner til 766 kroner i 2022. Ein gradvis auke i CO2-avgifta er eit av dei viktigaste verkemidla i regjeringas klimaplan for 2030.
- Denne auken er eit kraftig taktskifte i norsk klimapolitikk, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).
Regjeringas klimamelding varslar ei gradvis opptrapping av CO2-avgifta til 2.000 kroner per tonn i 2030. Eit hovudgrep i oppfølginga av regeringas klimaplan er derfor å auke avgiftene på ikkje-kvotepliktige utslepp av klimagassar med 28 prosent. Regjeringa ønskjer ikkje lenger å kompensere auken i CO2-avgifta med ein reduksjon i vegbruksavgifta.
- Viss det blir for mange unntak frå klimaavgiftene, står vårt viktigaste klimaverkemiddel i fare for å miste effekten. Likevel er det fullt mogleg å legge inn balanserande grep som hindrar at enkelte grupper i samfunnet blir ramma uforholdsmessig hardt. Vi skal redusere elavgifta. For biltrafikken foreslår vi å redusere trafikkforsikringsavgifta, og vi aukar reisefrådraget for å kompensere dei som reiser mykje, seier Rotevatn.
Regjeringa utvidar samstundes avgiftsgrunnlaget ved å oppheve fritaket frå CO2-avgifta for bruk av fossil gass i veksthusnæringa. Regjeringa legg òg inn ei avgift på forbrenning av avfall.
Vidarefører Klimasats
Som eit svar på klimaplanen foreslår regjeringa å styrke eller vidareføre ei rekke tiltak for å fremje innovasjon og teknologiutvikling. Dette skal kutte utslepp og styrke omstillinga til lågutsleppsamfunnet:
- Regjeringa ønsker å vidareføre støtteordninga Klimasats med ei ramme for nye løyvingar på 200 millionar kroner i eitt år framover. Klimasats er viktig fordi ordninga fører til at kommunane tar i bruk nye klimaløysingar, eller gjer ting på nye måtar som gir lågare utslepp.
- Regjeringa foreslår å vidareføre ei rekordhøg løyving til Enova, 3,4 milliardar kroner i 2022. Det er ei dobling av nivået frå 2013 (1,7 milliardar kroner). Regjeringa vidarefører støtta til Hurtigbåtordninga til Miljødirektoratet med ei ramme på 40 millionar kroner i 2022.
- Regjeringa foreslår å styrkje Grøn plattform med over 250 mill. kroner i 2022, fordelt på Forskingsrådet, Innovasjon Noreg og Siva.
- Regjeringa foreslår å løyve 30 millioner kroner til etablering av eit nytt forskingssenter for miljøvenleg energi (FME) innan hydrogen og ammoniakk som skal arbeide med hydrogenproduksjon frå både naturgass og fornybar kraft gjennom elektrolyse. Senteret skal bidra til raskare utvikling av konkurransedyktig teknologi og løysingar for produksjon og bruk av hydrogen og ammoniakk. Senteret skal etablerast tidleg i 2022.
Måloppnåing
I klimaplanen la regjeringa fram nye verkemiddel som var forventa å sikre ei overoppfylling av både EU-forpliktinga (40 prosent) og det forsterka målet frå regjeringa (45 prosent) for dei ikkje-kvotepliktige utsleppa. I ettertid har utsleppsrekneskapen og utsleppsframskrivingane blitt oppdaterte som følgje av feil i berekningane av norske klimagassutslepp. Som eit resultat av feilen har det samla utsleppsgapet over perioden auka noko. Men fordi klimaplanen frå regjeringa la opp til større kutt enn forpliktinga til EU tilseier, ligg Noreg framleis an til å innfri forpliktinga til EU om kutt på 40 prosent. For å nå regjeringas mål om 45 prosent. reduksjon i utsleppa tyder anslag på at det vil vere nødvendig med ytterlegare verkemiddelbruk utover det som kvantifiserast i klimaplanen. Regjeringas mål ligg fast.
Det er stor uvisse knytt til utsleppsutvikling, effekten av klimapolitikken, den teknologiske utviklinga og kostnadene ved utsleppsreduksjonar. Uvissa kan trekkje i både positiv og negativ retning. Det er på noverande tidspunkt for tidleg å vurdere om vi når det overordna klimamålet for 2030.