Foreslår å lovfeste forsterka klimamål for 2030 og 2050
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Klima- og miljødepartementet
Nyheit | Dato: 16.04.2021
Eit forslag om å endre klimamåla i klimalova for 2030 og 2050 er sendt til Stortinget . Endringane i lova vil innebere at dei lovfesta klimamåla samsvarar med dei forsterka klimamåla regjeringa alt har vedtatt.
Noreg melde inn eit forsterka klimamål for 2030 under Parisavtalen i februar i fjor. Det nye målet er at utsleppa skal reduserast med minst 50 prosent og opp mot 55 prosent samanlikna med utsleppa i referanseåret 1990. Klima- og miljødepartementet foreslår no å lovfeste dette målet i klimalova.
I Noregs Lågutsleppsstrategi forsterka regjeringa óg Noreg sitt klimamål for 2050. I det nye målet aukast ambisjonane frå 80 – 95 prosent til 90 – 95 prosent jamført med utsleppsnivået i referanseåret 1990.
- Vi har sett oss ambisiøse klimamål. No lovfestar vi dei forsterka klimamåla slik at dei blir rettsleg bindande for regjeringa og Stortinget. Det bidrar til å gi ei bindande retning i klimapolitikken og eit klart signal om at vi tek klimamåla på alvor, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.
Dei to forsterka klimamåla blir lovfesta ved å endre §§ 3 og §§ 4 i klimalova. Klimalova er overordna og legg ikkje føringar for kva politiske løysingar, vegval og verkemiddelbruk som blir tatt i bruk for å oppfylle måla. Regjeringas politikk for å nå klimamålet for 2030 følgjer av Klimaplanen for 2021 - 2030 som Stortinget nyleg behandla.
Det er ikkje foreslått andre endringar i klimalova. Heile lova kan lesast her: Lov om klimamål (klimaloven) - Lovdata.