Historisk arkiv

Grøn profil for reduserte klimautslepp og betre ressursutnytting

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Regjeringa foreslår ei ytterlegare satsing på hydrogen i revidert nasjonalbudsjett.Totalt vil regjeringa bruke 200 millionar kroner på å støtte nye, grøne hydrogenløysingar. Regjeringa aukar også satsinga på Grøn plattform, som mellom anna går til forsking og utvikling på miljø- og klimavenlege løysingar.

- Regjeringa fører ein ambisiøs klimapolitikk som får klimagassutsleppa til å gå ned. Å skape ei grøn framtid er ei av regjeringa sine  hovudstrategiar for å ta Noreg ut av koronakrisa, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V)

85 millionar av hydrogensatsinga skal gå til teknologiutvikling og pilot- og demonstrasjonsprosjekt som bidreg til tidlegfase marknadsutvikling for hydrogen.  Det skal og etablerast ein nytt forskingssenter for hydrogen.

- Hydrogen er ein energiberar som har betydeleg potensial til å bidra til å redusere utslepp, lokalt, nasjonalt og globalt, og til å skape verdiar for norsk næringsliv, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.

Forsking og innovasjon

 I det salderte statsbudsjettet for 2021 ligger det allereie inne betydelege midlar til mellom anna karbonfangs og lagring i prosjektet Langskip, "Grøn plattform", og sirkulær økonomi. I tillegg blei elbilfordelane vidareført.

No blir Grøn plattform styrkt ytterlegare med 100 millionar kroner. Det er ein eigen inngang til verkemiddelapparatet for grøne prosjekt. Ordninga omfattar Innovasjon Norge, Siva og Forskningsrådet. Det er også et etablert samarbeid med Enova.

- Næringsretta forsking og innovasjon legg grunnlaget for berekraftig vekst og skal bidra i den omstillinga samfunnet står overfor. Grønn plattform er et viktig tiltak i regjeringa sitt arbeid for lønnsom grønn omstilling, seier klima- og miljøministeren.

 

Kollektivtrafikk, gang- og sykkelvegar

Regjeringa foreslår i revidert budsjett 2021 å auke løyvinga som skal dekke tap i fylkeskommunal kollektivtransport i samband med pandemien.  Regjeringa vil og forlenger varigheita av tilleggsavtaler med togselskapa for å oppretthalde eit nødvendig togtilbod. I alt nesten to milliardar kroner ekstra foreslår regjeringa skal gå til kollektiv og jernbane.

-Det er viktig for regjeringa å sikre eit godt kollektivtilbod både under og etter koronakrisa. Kollektivtrafikken gjev folk moglegheit til å kome seg rundt på ein miljøvenleg måte og leve så normale liv som mogleg, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Regjeringa foreslår og å løyve 212 millionar kroner til gang- og sykkelvegar og kollektivtransporttiltak i Bergen og Trondheim. Midla blir ein del av byvekstavtalene i desse byene, og vil bidra til at måla i avtalane blir nådde.

 

Marin forsøpling

Strandrydding og opprydding i marin forsøpling har vorte råka av pandemien.  Regjeringa foreslår i revidert nasjonalbudsjett å bruke 4.6 millionar kroner på overvaking av mikroplast og innhenting av meir kunnskap om innsamla marint avfall.  Målet er å evaluere effekten av strandrydding og anna opprydding av marin forsøpling.

- Det er sjølvsagt synd at aktiviteten på strandrydding har gått ned det siste året.  Men denne omdisponeringa av tilskot vil gjere oss i stand til bruke pengane enda meir effektivt for å rydde opp i plastforsøpling på strendene i framtida, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.