Høgnivåmøte om marint vern i Antarktis
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Klima- og miljødepartementet
Nyheit | Dato: 28.04.2021
Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn diskuterte denne veka arbeidet med marint vern i Antarktis på eit digitalt høgnivåmøte. Saman med blant anna EU og Australia arbeider Noreg for å etablere eit heilskapleg system av verneområde i Sørishavet.
- For å ta vare på det fantastiske økosystemet i Sørishavet, med alt frå krill til pingvinar og sel, treng vi både eit sterkt vern og ei berekraftig forvaltning av fiskeria. Difor er Noreg opptatt av at ein no får framgang i arbeidet med å opprette nye, store marine verneområde i Antarktis, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).
Arbeidet skjer under Konvensjonen for bevaring av marine levande ressursar i Antarktis (CCAMLR). Medlemslanda i CCAMLR er samde om at ein skal opprette eit heilskapleg system av marine verneområde i Sørishavet. I 2016 blei verdas største marine verneområde oppretta i Rosshavet i Antarktis som et resultat av samarbeidet under denne konvensjonen.
Noreg har saman med blant anna EU og Australia lagt fram forslag om to nye, store marine verneområde i Antarktis. Eit av desse er i Weddellhavet og Håkon VII Hav, og femner blant anna havområde utanfor Dronning Maud Land. Det andre ligg i Aust-Antarktis. I tillegg arbeider Chile og Argentina med eit forslag til vern av havområda ved Antarktishalvøya. Her bidreg Noreg aktivt på kunnskapssida gjennom Havforskningsinstituttet og Norsk polarinstitutt.
For å opprette nye marine verneområde må alle medlemslanda i CCAMLR bli samde om dei konkrete vernetiltaka. Dette arbeidet tek tid. Noreg er blant dei landa som no ønsker framgang. På møtet blei det underteikna ein felles erklæring om støtte til CCAMLR sin innsats for marine verneområde.
- Som havnasjon er Noreg oppteken av å delta aktivt i gode initiativ og prosessar internasjonalt som kan styrke vern og berekraftig bruk av havet. I tillegg til Noregs breie engasjement i Antarktissamarbeidet, og statsministerens leiing av Det internasjonale havpanelet, blir Noreg no også med i to ambisiøse koalisjonar som arbeider for bevaring av 30 prosent av havet, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).
På møtet deltok i tillegg til EU og Noreg, ei rekke EU-land, USA, Storbritannia, Australia, New Zealand, Argentina, Chile og Uruguay. Møtet blei leia av EUs kommisær for Miljø, hav og fiskerier, Virginijus Sinkevičius.