Nasjonale turiststiar:
Løyver 10 millionar kroner til å ta vare på storslått natur
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Klima- og miljødepartementet
Nyheit | Dato: 22.04.2021
16 av dei mest populære turstiane i Noreg får til saman 10 millionar kroner for å sikre naturattraksjonane framover.
Talet turistar som gjestar nokre av dei flottaste turstiane og naturattraksjonane i Noreg, har auka mykje dei seinare åra. Dette har gitt oss nokre nye utfordringar.
Mange av turistane har ikkje den nødvendige kunnskapen som blir kravd for å vandre i norsk natur. Fleire av desse stiane er utsette for slitasje og forsøpling og har hatt mange ulukker og utrykkingar frå redningstenesta.
– Vi har eit ansvar for å ta vare på den storslåtte naturen vår. Ordninga Nasjonale turiststiar er ein viktig del av regjeringa si satsing på naturbasert reiseliv og friluftsliv. Her bidrar vi til eit berekraftig og trygt naturbasert reiseliv til glede både for utanlandske og norske turistar, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.
Regjeringa etablerte ordninga Nasjonale turiststiar i 2017. Målet med ordninga er å ta vare på naturverdiar, opplevingskvalitetar og tryggleik på dei turstiane som har ekstraordinært stor gjesting, særleg av internasjonale turistar. Dette blir gjort gjennom ulike tiltak som til dømes betre tilrettelegging av stiane over sårbare og vanskelege parti, slik at slitasjen på naturen blir redusert og det blir færre ulukker. Det blir også sett opp mindre sikringshytter, sanitæranlegg ved startpunkta til stiane og det blir gjennomført informasjonstiltak.
Vi har no fordelt tilskot frå ordninga for 2021. 16 ulike prosjekt har fått midlar frå ordninga, innanfor ei økonomisk ramme på 10 millionar kroner. Desse tilskota vil hjelpe til at naturkvalitetar, opplevingskvalitetar og tryggleik blir teken vare på i nokre av våre flottaste og mest gjesta naturområde.
Sjølv om korona-året 2020 var eit unnatak når det gjeld tal gjester frå utlandet, er det ingenting som tilseier at auken i internasjonale turistar skal stoppe når situasjonen igjen blir normal.
– Det er av nasjonal interesse å ta vare på naturmiljøet og tryggleiken i desse populære områda. Utfordringa er å legge til rette for dei besøkande og samstundes ta vare på opplevinga av urørt natur. Her har kommunane og dei andre involverte ei viktig oppgåve, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.
- Aurlandsdalen (Aurland, Vestland): 90 000 kroner.
- Besseggen (Vågå, Innlandet): 200 000 kroner.
- Bondhusdalen(Vestland): 550 000 kroner.
- Dronningruta (Øksnes, Nordland): 250 000 kroner.
- Dronningstien (Ullensvang, Vestland): 100 000 kroner.
- Engabreen, Svartisen (Meløy, Nordland): 400 000 kroner.
- Fosseråsa, Geiranger (Stranda, Møre og Romsdal): 1 500 000 kroner.
- Gaustatoppen (Tinn, Vestfold og Telemark): 850 000 kroner.
- Kjerag (Sandnes, Rogaland): 1 500 000 kroner.
- Kvalvika- Ryten(Flakstad, Nordland): 106 000 kroner.
- Preikestolen (Strand, Rogaland): 2 100 000 kroner.
- Romsdalseggen(Rauma, Møre og Romsdal): 250 000 kroner.
- Rødøyløva (Rødøy, Nordland): 450 000 kroner.
- Segla (Senja, Troms og Finnmark): 450 000 kroner.
- Trolltunga (Ullensvang, Vestland): 1 000 000 kroner.
- Kongevegen Lærdal (Vestland): 100 000 kroner.
Rettingar: Etter at denne saka blei publisert, er det gjort følgande rettingar: Bondhusdalen fekk 550 000 kroner og ikkje 55 000 kroner. Aurlandsdalen ligg i Aurland kommune og ikkje i Lærdal. Segla ligg i Troms og Finnmark og ikkje i Nordland.