Historisk arkiv

Noreg trer inn i viktige alliansar for natur

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

2021 blir eit viktig år for naturen i verda og biologisk mangfald. I samband med dei internasjonale forhandlingane om nye globale mål for naturen trer Noreg i dag inn i to koalisjonar av land som arbeider for naturmangfald.

Noreg trer no inn i to ambisiøse koalisjonar: Global Ocean Alliance som vert leia av Storbritannia arbeider for bevaring av 30 prosent av havet. High Ambition Coalition for Nature and People, vert leia av Frankrike og Costa Rica, og arbeider for bevaring av 30 prosent av land og hav innan 2030. Medlemskap gjev desse landa ein felles ambisiøs plattform.

- Tap av natur er ei av dei største internasjonale krisene verda står overfor, og problemet kan berre løysast med styrka internasjonalt samarbeid. Noreg har høge ambisjonar både for å ta vare på vår eigen natur og sikre den globale miljøtilstanden, og difor er det naturleg for oss å tre inn i desse koalisjonane, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).

- Noreg skal ha ei aktiv rolle, og vi skal frå norsk side gjera det vi kan for å få på plass ambisiøse internasjonale mål for naturmangfald og eit system for å følgje dei opp, seier klima- og miljøministeren.

Noreg vil bruke medlemskapet i koalisjonane til å rette merksemda mot spørsmål som er naudsynt å løyse fram mot 2030. Til dømes korleis verda kan arbeide for meir berekraftig bruk av hava med utgangspunkt i Havpanelet sine anbefalingar, og bevaring av natur som ein del av ei berekraftig havforvaltning.  

Koalisjonane har mellom anna som føremål å arbeide for at eit globalt mål om å bevare 30 prosent av land og hav skal bli vedtatt i naturforhandlingane. Dette er no norsk posisjon i forhandlingane.

- Vitskapen er klar på at bevaring av 30 prosent av natur er naudsynt. Dette må reflekterast i det nye globale rammeverket for natur, seier Rotevatn.

- For Noreg blir det viktig å arbeide for at dei nye måla legg vekt på bevaring av viktige område for natur, ulike typar natur, god forvalting og samanhengande system av verne- og beskyttelsesområde, seier Rotevatn.

Sjå breva frå Noreg til Costa-Rica, Frankrike og UK

Frå før har Noreg ei leiarrolle i arbeidet med å få på plass eit betre system for korleis landa betre skal gjennomføre, rapportere og følgje opp det nye internasjonale rammeverket om naturmangfald.

Eit slikt systemet vil ved jamne mellomrom kunne måle samla innsats og framgang i dei enkelte landa i gjennomføringa av dei nye globale måla.

Bakgrunn

  • Forhandlingane om eit nytt globalt rammeverk for natur under FN-konvensjonen om biologisk mangfald (CBD) pågår no, og eit nytt rammeverk skal bli vedteke a på partsmøtet COP 15 i Kunming, Kina 11.-24. oktober i år.

  • Forberedande møter finn sted virtuelt frå 3. mai til 13. juni

  • Forhandlingane tar utgangspunkt i kunnskapsgrunnlag frå mellom anna Naturpanelet (IPBES), som fortel at ein million artar er truga og økosystem i kritisk dårlig forfatning. Endringar i arealbruk og endring i bruk av havet er den største trugselen mot naturmangfaldet.

  • Det viktigaste på møtet vil bli å få vedteke eit nytt globalt rammeverk for natur. Det er venta at det vil bli fastsatt over 20 globale mål i rammeverket. Sjølv om måla ikkje er juridisk bindande, vil dei måtte bli fulgt opp. Det er viktig at urfolk, lokalsamfunn og andre blir teke med på råd i prosessen.

  • Dei fleste land, men ikkje USA, er medlem av CBD.

  • Sentrale punkt i forhandlingane er:
    • eit globalt mål om at 30 prosent av land- og havområda på jorda skal vernes og bevares innen 2030,
    • eit mål om at vi skal ha meir natur fram mot 2030,
    • natur som middel for å kutte klimagassutslipp,
    • berekraftig bruk av natur,
    • å få på plass eit system for å ved jevne mellomrom måle lands samla innsats og framgang mot dei nye globale måla

  • Meir informasjon om høgambisjonskoalisjonen Global Ocean Alliance som leiast av Storbritannia: Global Ocean Alliance: 30by30 initiative - GOV.UK (www.gov.uk)

  • Meir informasjon om høgambisjonskoalisjonen High Ambition Coalition for Nature and People som leiast av Frankrike og Costa Rica: HAC for Nature and People
  • Meir informasjon om konvensjonen om biologisk mangfald: Home | Convention on Biological Diversity (cbd.int)