Ny naturstrategi for våtmark
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Klima- og miljødepartementet
Nyheit | Dato: 23.06.2021
Regjeringa vil bremse nedbygginga og forbetre tilstanden i våtmark. No legg regjeringa fram ein naturstrategi for korleis vi kan ta betre vare på våtmarkene våre.
– Våtmarkene er ein særs viktig naturtype i Noreg. Våtmarkene sug opp vatn og kan dempe flaum, dei lagrar store mengder karbon og dei er viktige levestadar for plantar og fuglar. No legg vi fram ein strategi for å bremse nedbygging og ta betre vare på våtmarkene våre, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).
For å oppnå ei heilskapleg forvaltning av naturen på land, varsla regjeringa i naturmangfaldmeldinga at ho vil sette mål for tilstanden i naturen og rette verkemiddelbruken mot å nå desse måla. I Granavolden-plattforma heiter det at regjeringa vil utvikle konsept for heilskaplege forvaltningsplanar for natur. Regjeringa legg no fram ein naturstrategi der ho ser nærare på økosystemet våtmark.
Eit av tiltaka som vil bli vurdert nærare er å innføre ei ordning som sikrar arealnøytralitet ved nedbygging av våtmark. Dette kan til dømes bli innført ved at den som bygg ned, eller på annan måte øydelegg areal med våtmark, må betale kostnaden ved å restaurere eit tilsvarande våtmarksareal. Regjeringa vil greie ut om ei slik ordning kan vere hensiktsmessig for å ta vare på særleg viktige våtmarkstypar.
– Regjeringa vil sjå nærare på ei ordning der den som bygg ned eller øydelegg særleg viktig våtmark blir stilt overfor kostnaden ved å restaurere tilsvarande våtmark ein annan plass. Det er fortsett mange spørsmål som avklarast, men eg trur ei slik ordning kan bidra til å sikre dei viktige naturverdiane våre, seier Sveinung Rotevatn.
Eit anna tiltak er at regjeringa vil vurdere å tydeleggjere og skjerpe nasjonale forventningar og føringar til arealplanlegging i kommunar og fylkeskommunar knytt til våtmarker.
– Vi må sjå alle dei ulike inngrepa menneska gjer i samanheng for å kunne vite korleis dei samla påverkar naturen. Då kan vi sikre at bruken av natur held seg innanfor berekraftige rammar, seier Sveinung Rotevatn.
Klima- og miljødepartementet har, saman med ei rekke andre departement, sett på korleis utviklinga vil bli for våtmarkene framover om vi fortset som i dag. Klima- og miljødepartementet har også gått gjennom kva som kan bli endra til det betre for naturen utan vesentlege kostandar for andre samfunnsinteresser.
– Regjeringa vil sørge for ei berekraftig utvikling der vi handterer våtmarkene, som er ein avgrensa ressurs, på ein fornuftig måte, seier Sveinung Rotevatn.