Oslofjorden får eit autorisert besøkssenter:
Aukar kunnskapen for å redde Oslofjorden
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Klima- og miljødepartementet
Nyheit | Dato: 25.06.2021
Miljøtilhøva i Oslofjorden er alvorlege. No skal kommunar og befolkning involverast for å redde fjorden. Aktørar rundt Oslofjorden blir inviterte til å søke om å opprette eit autorisert besøkssenter. Her kan folk få meir kunnskap både om verdiane i fjorden, miljøproblema og korleis dei kan løysast.
- Kunnskap og engasjement er avgjerande for at heile befolkninga kan bidra til å ta vare på fjorden. Eg er glad for å kunne seie at Miljødirektoratet alt no lyser ut autorisasjonen for eit Oslofjordsenter, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).
Opprettinga av eit slikt senter er ei oppfølging av Helheltlig tiltaksplan for Oslofjorden som regjeringa la fram tidlegare i år.
Oslofjorden er eit av landets mest besøkte friluftsområde, samstundes som det inneheld verdifulle ressursar som mellom anna fisk, skaldyr, tang og tare. Fleire rapportar peikar på at fjordbotnen fleire stadar er nærast død, og kysttorsken er nesten borte i fjorden.
Målet med eit Oslofjordsenter er å auke kunnskapsnivået i befolkninga og på den måte auke både lyst og evne til å ta vare på fjorden. Senteret skal og synleggjere friluftslivsbruken blant ulike grupper i befolkninga, informere om kva som fremmer og hemmar bruken av fjorden og strendene rundt og informere om moglege konfliktar.
Oslofjordsenteret skal i tillegg informere om naturmangfald, klima og klimaendringar, informere om allemannsretten, spesielt i strandsona og bidra til auka friluftsliv. Senteret skal i tillegg informere om område som er velegnet for friluftsliv, fiske, fangst og sanking.
-Eg håper lokale aktørar rundt fjorden er interesserte i å bidra til dette og at vi får mange og gode søknader, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.
Senteret blir foreslått etablert av lokale interessentar, og vil bli autorisert for fem år av gangen. Utlysing og søknad om autorisasjon blir lagt til rette gjennom søknadssenteret til Miljødirektoratet .
Vi viser og til Retningslinjer for autorisasjon og reautorisasjon av besøkssentre i Norge .