Regjeringa vil stoppe plastforureining
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Klima- og miljødepartementet
Nyheit | Dato: 10.08.2021
Regjeringa vil auke mengda plastavfall som kan attvinnast, hindre at plastavfall ender opp i naturen, ha gode tiltak for opprydding der det likevel skjer og fremme tiltak for meir berekraftig bruk av plastprodukt. Det kjem fram i regjeringa sin nye plaststrategi.
– Plastavfall på avvege er eit av vår tids raskast aukande miljøproblem. Det er eit trugsmål mot livet både i hav og på land. Vi må bli smartare i måten vi brukar plast på. Vi må bli smartare i måten vi handterer plasten på når den blir avfall, og vi må hindre at plastavfall ender opp i naturen, seier statsminister Erna Solberg (H).
Plaststrategien viser regjeringa sin politikk og skildrar dei fleste tiltaka som er iverksett, eller som er under gjennomføring, for å redusere plastforsøpling og plastforureining. Den skildrar òg tiltak som kjem i nær framtid og visar til kva utfordringar vi står overfor.
Ingen land kan løyse desse utfordringane åleine. Noreg har sidan 2014 arbeida for sterkare globale pliktar mot plastforsøpling og plastforureining – og då særleg i havet. Fleire og fleire land er no samde om behovet for ein ny global avtale, og behovet for å engasjere alle aktørar på alle nivå til å arbeide saman.
- Vi treng ein global plastavtale der alle verdas land pliktar å gjennomføre ein nasjonal plan for å stanse utslepp av plast til havet. Vi må ta på alvor dei miljøproblema som plastforureininga skaper. Regjeringa sin plaststrategi er eit døme på korleis ein slik plan kan vere, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).
I ein global marknad bevegar både plastprodukt og plastavfall seg på kryss og tvers av landegrenser, og det er naudsynt med tett internasjonalt samarbeid. Noreg jobbar saman med EU for å få fram meir berekraftige verdikjedar for plast og sikre at farlege stoffar blir tatt ut av krinsløpet før plasten blir attvunnen.
Noreg har allereie gjennomført ei rekke tiltak som fylgjer av felleseuropeisk regelverk, til dømes forbodet mot einskilde eingongsartiklar i plast.
Plastforsøpling og plastforureining er ei felles utfordringfor alle menneske kloden over. I folkerike land og framveksande økonomiar aukar mengda plastavfall raskt. Nærare 2 milliardar menneske manglar tilgang til avfallshandtering på verdsbasis.
I 2018 lanserte regjeringa eit bistandsprogram mot marin forsøpling og mikroplast. I tida fram til 2024 har regjeringa sett av 1,6 milliardar kronar til programmet.
- Noregs bistandsprogram støttar ei rekke land og aktørar slik at dei kan handtere plastprodukt og nytte ressursane i plastavfallet betre. Dette kan skape nye arbeidsplassar og motverke fattigdom i utviklingsland, seier bistandsminister Dag-Inge Ulstein (KrF).