Rotevatn møtte dei nordiske miljøministrane
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Klima- og miljødepartementet
Nyheit | Dato: 12.05.2021
Store og viktige internasjonale møte danna bakteppet då dei nordiske miljøministrane møttest denne uka. Dei nordiske landa gjer seg klare for klimaforhandlingane i Glasgow i november, og prosessen mot ein ny avtale for naturmangfaldet i verda i Kunming tidlegare på hausten
- Store deler av verda tar no grep for å motverke klimaendringar, og det ser ut til å vere vilje til å løyse viktige spørsmål i Glasgow i november. Vi treng likevel meir innsats frå mange land. Dette inntrykket vart stadfesta i mitt møte med dei nordiske kollegaene i dag, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).
Les nyheitsmeldinga frå Nordisk Ministerråd her.
- Den globale oppvarminga truger både økosystema og artane i verdas hav og kystområde, og gjer dei meir sårbare for anna påverknad frå fiskeri, nedbygging av kystområda, forureining og framande arter. Dette gjeld i høgste grad også dei nordiske havområda. For å ta vare på naturen og ressursane i havet så godt det lar seg gjere, treng vi meir kunnskap om kva verkemiddel og tiltak som vil vere mest effektive når havet blir varmare og surare, og særleg om korleis marine verneområde og andre arealbaserte tiltak då bør innrettast, seier Rotevatn.
Ministrane var opptatt av samanhengen mellom natur og klima, og særleg dei raske negative endringane ein ser i verdshava. Dei vart samde om ei felles erklæring der dei blant anna oppmoda Det internasjonale naturpanelet til å vurdere behovet for ein rapport om korleis vi best kan ta vare på naturmangfaldet i havet når klimaet endrast.
I oktober skal verda bli samde om eit nytt globalt rammeverk for naturmangfald som skal gjelde fram til 2030.
- Internasjonal semje er viktig skal vi snu den negative utviklinga. Eg er glad for at dei nordiske ministrane er samstemte i at vi må stoppe tapet av biologisk mangfald gjennom mellom anna å verne og beskytte 30 prosent av jorda, fremje berekraft og arbeide med berekraftige forsyningskjede og forbruk, seier Rotevatn (V).