Statsbudsjettet 2022:
Satsing på nullutslepp for store skip
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Klima- og miljødepartementet
Nyheit | Dato: 12.10.2021
Regjeringa foreslår å løyve 40 millionar kroner til ny forskingsinnsats for nullutsleppsteknologi til bruk i større skip. Regjeringa vil óg føre vidare ordninga for fleire hurtigbåtar med null eller låge utslepp i fylkeskommunale samband.
Utsleppa frå innanriks sjøfart og fiske skal halverast innan 2030. Regjeringa ønsker at Noreg skal ta ein leiande posisjon innan grøn skipsfart. Norske bedrifter har potensial til å bli verdsleiande innan utviklinga av låg- og nullutsleppsløysingar.
Regjeringa lanserer derfor den nye satsinga MaritimeZero 2050. Ei satsing som spesielt rettar seg mot utviklinga av betre og gjennomførbare nullutsleppsløysingar for store skip som går over lange strekningar.
- Den norske elferje-suksessen har vist oss at det er mogleg å både kutte utslepp og skape nye arbeidsplassar med fokusert innsats. Men målet vårt er å innføre null- og lågutsleppsteknologi i alle fartøyskategoriar. Derfor må vi nå ta steget og utvide satsinga vår til óg å gjelde store skip med store utslepp, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).
Regjeringa foreslår i sitt budsjett å øyremerke 40 millionar kroner til utvikling av nullutsleppsteknologi for større skip i nasjonal og internasjonal fart. Satsinga skal administrerast under MAROFF-programmet i Forskingsrådet (Maritim virksomhet og offshoreoperasjoner).
- Etterspurnaden etter gode klima- og miljøvenlege fraktmoglegheiter til sjøs aukar, og Noreg har allereie komme langt i å teste lågutsleppsløysingar for dette segmentet. Vi treng likevel meir forsking og innovasjon. Eg har tru på at Noreg kan bli leiande på slik teknologi i framtida, seier næringsminister Iselin Nybø (V).
40 millionar til hurtigbåtar
Regjeringa vil fortsette å støtte fylkeskommunane slik at det er mogleg å prioritere låg- og nullutsleppsteknologi i nye anbod på ferjer og hurtigbåtar. Regjeringa foreslår å vidareføre Hurtigbåtordninga i Miljødirektoratet med ei ramme for nye tilsegner på 40 millionar kroner i 2022. Med dette har regjeringa løyvd 241 millionar kroner til prosjektar for innfasing av låg- og nullutslepps hurtigbåtar i fylkeskommunane sidan 2019.
Regjeringa held fram med ein målretta innsats på grøn skipsfart med 80 millionar kroner i 2022.
Vidareførar låneordninga for skip i nærskipsfart og fiskefartøy
I 2020 oppretta regjeringa ei låneordning for skip i nærskipsfart og fiskefartøy. Ordninga skal bidra til grøn omstilling i næringa, og reiarlag kan få lån til investeringar i låg- og nullutsleppsløysningar. Så langt har det blitt gitt tilsegn på 200 millionar kroner i lån under ordninga. Regjeringa foreslår å vidareføre låneordninga i 2022.