Toppmøte for verdas natur er i gang
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgiver: Klima- og miljødepartementet
Nyhet | Dato: 11.10.2021
Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) leiar den norske delegasjonen til det viktige toppmøtet om natur (COP 15) under konvensjonen om biologisk mangfald i Kina. Møtet startar mandag 11. oktober, og vil skjer virtuelt.
- Over ein million artar er truga, og verdas mange økosystem er i kritisk dårleg forfatning. Noreg skal bidra til at verda sett naturen først i dei neste ti åra, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).
Forhandlingane om eit nytt globalt rammeverk for naturmangfald vert avslutta i april/mai 2022.
- Dette blir eit viktig halvår for verdas natur, og internasjonalt samarbeid er nøkkelen. Noreg går inn i forhandlingane mellom anna med ein ambisjon om få på plass ein styrka internasjonal avtale om korleis ein skal ta vare på verdas natur. Nokre av sakane vi vil kjempe for er 30 prosent globalt vern og anna bevaring av sjø og land innan 2030, styrke berekraftig bruk av natur, vektleggje naturbaserte løysingar og menneskerettar i naturspørsmål, og styrke deltakinga av urfolk, kvinner, barn og ungdom i dei internasjonale prosessane, seier Rotevatn.
Programmet for møtet kan du lese her:
Convention on Biological Diversity (cbd.int)
Etter at rammeverket er på plass skal regjeringa komme tilbake til Stortinget om oppfølginga av det på egna måte så fort som mogleg.