Vi bruker meir avansert biodrivstoff
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Klima- og miljødepartementet
Nyheit | Dato: 06.05.2021
Avansert biodrivstoff, det vil seie biodrivstoff basert på avfall og restar, utgjorde to tredelar av alt biodrivstoff som blei selt i Noreg i 2020. Salet av avansert biodrivstoff har auka kvart år sidan 2015. Det viser omsetningstala for biodrivstoff som Miljødirektoratet har publisert.
Regjeringa har gradvis auka omsetningskravet for biodrivstoff til vegtrafikk, og kravet til kor mykje av biodrivstoffet som skal vere avansert biodrivstoff.
- Omsetningstala for 2020 viser at utviklinga går i den retninga vi ønskjer. Det blir selt meir av det gode biodrivstoffet – det som er laga av rester og avfall – og mindre av det biodrivstoffet som kan bidra til avskoging, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).
- Regjeringa har stilt strengare krav for bruk av avansert biodrivstoff i vegtrafikken, og tala viser at det hjelper å setja krav til kva slags biodrivstoff som skal inngå i omsetningskravet. Det neste blir no å sjå på omsetningskrav for skipstransport og anleggsdiesel, seier Rotevatn.
Totalt blei det brukt 500 millionar liter flytande biodrivstoff i 2020. Dette er ein nedgang på 115 millionar liter samanlikna med året før. Bruken av biodrivstoff laga av palmeolje gjekk ned med 98 prosent frå 2019 og utgjorde 0,4 prosent. Biodrivstoffet reduserte Noreg sine utslepp med 1,2 millionar tonn CO2.
Dette er ei gledeleg utvikling i eit spesielt år. Store delar av samfunnet i Noreg og resten av verda har vore stengt ned som følgje av Covid og drivstoffsalet har falle som følgje av dette. I Klimaplan for 2021 til 2030 har regjeringa lagt grunnlaget for ein føreseieleg biodrivstoffpolitikk der volumet i vegtrafikken skal oppretthaldast samtidig som vi skal ta sikte på å innføre omsetningskrav for biodrivstoff i skipsfart og anleggsdiesel. Regjeringa vil vurdere å eventuelt justere omsetningskrava for biodrivstoff med to års intervall. Behovet for utsleppskutt vil vegast mot pris, tilgjengelegheit, risiko for avskoging, Norges folkerettslege forpliktingar og handelspolitiske interesser.
Miljødirektoratet sin pressemelding.
Omsetningskrav for biodrivstoff til vegtrafikk
- Omsetningskrav betyr at dei som sel drivstoff til vegtrafikk må sørgje for at ein viss del av drivstoffet er flytande biodrivstoff (ikkje biogass).
- Frå 2021 er omsetningskravet på 24,5 prosent, med eit delkrav om at minst 9 prosent skal vere avansert biodrivstoff.
- Avansert biodrivstoff tel dessutan dobbelt i omsetningskravet. Det vil seie at ein liter avansert biodrivstoff tel som to liter konvensjonelt biodrivstoff.
- Biodrivstoffet må oppfylle visse berekraftskrav. Miljødirektoratet fører tilsyn med at krava er oppfylt.