Styrka innsats for klima og kulturminne
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Klima- og miljødepartementet
Pressemelding | Dato: 08.10.2014 | Sist oppdatert: 13.10.2014
Regjeringa prioriterer klima og kulturminne i framlegget til statsbudsjett for 2015. Klima- og skogprosjektet får tre milliardar kroner på budsjettet til Klima- og miljødepartementet neste år. Departementet legg òg fram ein strategi for biogass, og det går 20 nye millionar kroner til brannsikring av stavkyrkjer og trehusmiljø.
Regjeringa prioriterer klima og kulturminne i framlegget til statsbudsjett for 2015. Klima- og skogprosjektet får tre milliardar kroner på budsjettet til Klima- og miljødepartementet neste år. Departementet legg òg fram ein strategi for biogass, og det går 20 nye millionar kroner til brannsikring av stavkyrkjer og trehusmiljø.
-Klima- og miljøpolitikken er sektorovergripande. Vi må investere i grøne løysningar i dag for å ta leiinga i det grøne skiftet i framtida. Regjeringa si samla politikk skal medverke til omstillinga av Noreg til eit lågutsleppsamfunn. Med dette budsjettet er vi godt gang i med omstillinga og det synast på områda til både dette og dei andre departementa, seier klima- og miljøminister Tine Sundtoft.
Oversikt over regjeringa si ulike klima- og miljøtiltak kan du finne her.
Regjeringa foreslår ei betydeleg auke i nivået på klima- og skogsatsinga som bidreg til den internasjonale innsatsen med å redusere utslepp av klimagassar frå avskoging og degradering av skog i utviklingsland.
-Klima- og skogsatsinga er eit døme på effektiv klimapolitikk, samstundes som vi bidrar til å redusere fattigdom i landande vi samarbeidar med, seier Sundtoft.
Klima- og skogsatsinga aukar med 134,1 millionar kroner
Forslaget inneber at klima- og skogsatsinga aukar med 134,1 millionar kroner. Satsinga vil då ha ei løyving på tre milliardar kroner. Noreg er ein viktig pådrivar for å heve ambisjonsnivået i den internasjonale klimapolitikken. Måla for satsinga er ambisiøse og krevjande, like fullt viser resultata så langt at det er mogleg å sikre ein heilskapleg og integrert klimapolitikk samstundes som omsynet til utviklingslanda sine behov blir teke vare på. Les mer om det her.
Ti millionar til biogass
Regjeringa foreslår vidare å løyve ti millionar over Klima- og miljødepartementet sitt budsjett til å oppfylle strategien for biogass. Pengane skal gå til forsking og pilotanlegg for produksjon av biogass. Satsinga kan medverke til å redusere kostnadene ved produksjon av biogass. Les mer om det her.
20 millionar til brannsikring
For å sikre forsvarleg brannsikring av stavkyrkjene og tette trehusmiljø, foreslår regjeringa ei satsing på 20 millionar kroner til naudsynt brannsikring for å unngå tap av uerstattelege kulturminne.Regjeringa vil prioritere å betre rammevilkåra til private eigarar av kulturminne. Les mer om det her.
Ti millionar til Friluftlivet sitt år
I 2015 vil regjeringa gjennomføre Friluftslivet sitt år, med mål om å auke friluftslivsaktiviteten i befolkninga. Dette er òg eit viktig bidrag til regjeringa sitt arbeid med folkehelse og frivillig innsats. I løpet av året vil det bli arrangert ei rekkje friluftslivsaktivitetar i heile landet. Posten som gir tilskot til aktivitetane, er styrkt med ti millionar kroner.
Ti millionar til teljing av isbjørn
Regjeringa foreslår ti millionar kroner til ny teljing av isbjørn på Svalbard og i Barentshavet i 2015. Då teljinga blei gjennomført i 2004, blei bestanden berekna til om lag 2650 individ. Isbjørn er ein av artane i Arktis som er mest sårbar for klimaendringar. Teljinga blir gjennomført av Norsk Polarinstitutt i samarbeid med russiske kollegaer.
Opprydding i forureina grunn
Regjeringa forslår å auke løyvinga med ti millionar kroner til opprydding i forureina grunn og sjøbotn som er forureina med miljøfarlege stoff. Dette gjer blant anna at enkeltprosjekt i Nord-Noreg kan gjennomførast.
Eit skattesystem for nye investeringar
Regjeringa styrker fastlandsnæringanes konkurransekraft ved å redusere skatten på verdiskaping. Relativt sett gjev dette fastlandsnæringane eit konkurransefortrinn i omstillinga. Redusert formuesskatt vil kunne styrke tilgangen på kapital til nye investeringar som bidreg til å realisere det grønne skiftet i næringslivet. Regjeringen har satt ned ei grønn skattekommisjon som skal gi eit faglig grunnlag for grønne skatteskifte.
Genbank for laks og sjøaure
Til etablering av genbank for laks og sjøaure knytt til Hardangerfjorden foreslår regjeringa å auke budsjettet med 27 millionar kroner.
Fritak for avgift for spillolje
Regjeringa foreslår òg å oppheve fritaket for avgift for spillolje. For å sikre ei forsvarleg innsamling og handsaming av spillolje, foreslår regjeringa òg å auke tilskotet som blir gitt ved innlevering av spillolje. Dette inneber ei auka løyving på 30 millionar kroner.
121 millionar til skogvern
Regjeringa foreslår 121 millionar kroner til skogvern neste år. Det er det same som i 2012, men ein reduksjon frå det som blei løyva til budsjettet i år. Årsaka til nedgangen er mellom anna at køen som oppstod i 2012 for frivillig skogvern no er avvikla. Det er brukt store beløp på frivillig skogvern sidan ordninga starta opp for vel ti år sidan. Totalt er det i denne perioden brukt om lag 740 millionar kroner.
Forslaget til budsjett for Klima- og miljødepartementet i 2015 har ei utgiftsramme på 8 029,3 millionar kroner.