Over 600 valmedarbeidarar lærer om valgjennomføring
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet
Nyheit | Dato: 03.03.2015
Denne veka er over 600 valmedarbeidarar frå kommunane og fylkeskommmunane samla i Oslo for å få opplæring i bruk av valadministrasjonssystemet EVA, valregelverk, valrutiner og annan praktisk informasjon.
I neste veke får i underkant av 500 valmedarbeidarar same opplæring. Dei fleste av desse valmedarbeidarane vil kome tilbake til Oslo i april og juni for opplæring i nye temaer.
Opplæringa er delt opp i tre modular med forskjellige tema. Innanfor kvar modul er det fleire like samlingar som kommunane har kunne velje å delta på.
- Modul 1 blir gjennomført i mars med tema: innlegging av grunnlagsdata i EVA, behandling av listeforslag, manntal, rapportar og stemmesetlar
- Modul 2 blir gjennomført i april/mai med tema: stemmegiving og prøving
- Modul 3 blir gjennomørt i juni med tema: oppteljing, innlegging av resultat, skanning og valoppgjer.
Målet for opplæringa er å setje kommunane og fylkeskommunene i stand til å gjennomføre ei effektiv og korrekt valavvikling som er i tråd med vallovgjevinga.
Kommunal- og moderniseringsdepartementet er arrangør for opplæringssamlingane, men samarbeider med erfarne valmedarbeidarar frå kommunar og fylkeskommunar som bidrar med sin kunnskap og erfaring.