Utgreiing av universell utforming av digitale læremiddel
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet
Nyheit | Dato: 04.07.2016
Dersom læremiddel blir universelt utforma vil fleire innbyggjarar med nedsatt funksjonsevne kome ut i arbeidslivet. Dette går fram av ein ny rapport frå Proba samfunnsanalyse.
Barne- og likestillingsdepartementet (BLD) har i eit framlegg til ny lov om likestilling og diskriminering foreslått å utvide verkeområdet for regelen om universell utforming av IKT til å omfatte opplærings- og utdanningssektoren.
Proba har analysert verknadene av å innføre krav om universell utforming av digitale læremiddel som nettsider, læringsplattformer og læringsressursar. I følgje rapporten Universell utforming av digitale læremidler vil det vere samfunnsøkonomisk lønnsamt å stille krav om universell utforming også av digitale læremiddel. Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) vurderer no utgreiinga.
Rapporten er bestilt av KMD, i samarbeid med BLD og Kunnskapsdepartementet.