Endringar i reguleringsplanen for nytt regjeringskvartal
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet
Nyheit | Dato: 01.09.2020
Kommunal- og moderniseringsdepartementet har vedtatt endringar i den statlege reguleringsplanen for nytt regjeringskvartal. Endringane legg mellom anna til rette for nytt inngangsparti til 22. juli-senteret på Johan Nygaardsvolds plass, og ei meir fleksibel løysing for sikkerheitstiltaka på Youngstorget.
Reguleringsplanen for det nye regjeringskvartalet blei vedtatt 10. februar 2017. Sidan er det gjort fleire endringar i prosjektet, mellom anna skal statsministerens kontor likevel ikkje tilbake til Høgblokka. Reguleringsplanen legg til rette for at nytt inngangsparti for 22. juli-senteret og permanent minnestad etter 22. juli kan etablerast på Johan Nygaardsvolds plass mellom Høgblokka og Akersgata. Nye vurderingar av sikkerheit har særleg konsekvensar for inngangspartia ut mot Johan Nygaardsvolds plass og Einar Gerhardsens plass. Det er også avdekka andre forhold som gjer at endringar i reguleringsplanen har vore naudsynt.
Eit av forslaga er å endre avgrensinga av planområdet og kvar det skal stengast for biltrafikk (perimetersikre) på Youngstorget. Målet med endringa har vore å leggje til rette for meir fleksibel bruk av torget til ulike arrangement, og for at meir av den daglege aktiviteten kan gå føre seg utan ekstern kontroll av køyretøy. Etter innspel i høyringa av planforslaget, er føresegnområdet for perimetersikringa på Youngstorget utvida. Dette opnar for at ulike løysingar kan vere mogleg innanfor rammene av reguleringsplanen.
For å finne gode konkrete løysingar, særleg knytt til inngangspartia og til Youngstorget, vil Statsbygg føre vidare dialogen med Oslo kommune, statlege sektormyndigheiter og naboar. Statsbygg har mellom anna dialog med Riksantikvaren om å finne gode løysingar på utforming av tiltaka på Johan Nygaardsvolds plass og om rehabilitering av Høgblokka.
Endringane omfattar for øvrig:
- Utviding av planavgrensinga ved Trefoldighetskirken
- Utviding for å sikre fortau i fasaden i Møllergata 24 og Folkets hus mot Ring 1
- Auke av byggjehøgder på felt A1 og A2
- Forskyving av nedkjøyringsrampe til underetasje mellom G-blokka og Høgblokka
- Etablering av midlertidige nedkøyringsrampar
- Endring av omsynssoner kulturmiljø (Møllergata 13 og 13 B).
- Etablering av omsynssone for å sikre energianlegg under grunnen.
Les meir:
Plandokumenta på Statsbygg sine heimesider
Følg utviklinga i arbeidet med nytt regjeringskvartal