Statsråd Sanner til Sogn og Fjordane
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet
Pressemelding | Dato: 26.06.2014
Fredag 27. juni kjem kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner til Sogndal og Lærdal. Han vil mellom anna vitje Distriktssenteret – kompetansesenter for distriktsutvikling i Sogndal, i Lærdal vil han møte ordførar, tilsette og nokre av dei som er råka av brannen. Han skal og ha eit møte med fylkesmann Anne Karin Hamre.

Program for besøket:
Kl. 08.00 – 10.00:
Fosshaugane Campus og distriktssenteret i Sogndal
Tema for besøket vil mellom anna vere Distriktssenteret sitt arbeid med kommunereforma og utviklingsprogrammet for byregionar.
I tillegg vil ministeren få omvisning på og orientering om Fosshaugane Campus.
Kl. 10.20 – 10.50:
Fylkesmann Anne Karin Hamre orienterar statsråd Sanner om ”Jakta på tidstjuvar hos fylkesmannen”.
Stad: Ferja mellom Mannheller og Fodnes.
Kl. 11:00
Statsråden helsar på tilsette i Rådhuset i Lærdal
Kl. 11:20
Orientering frå ordførar Jan Geir Solheim,
Stad: Kiwi-bygget
Kl. 11:30
Orientering frå rådmann Alf Olsen jr.
Stad: Kiwi-bygget
Kl. 11:50
Lunsj.
Innlegg frå medlemmar av styringsgruppa og samtale.
Kl. 12:15
Synfaring i brannområdet med representantar frå dei råka.
Rask gange gjennom verneområdet.
Kl. 12:45
Kulturinnslag Kvammegården.
Kl. 13.00
Statsråden reisar vidare.
Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Sissel Mossing, tlf. 920 80 147
Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00