Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2016:

Aukar bustøtta for 20 000 familiar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

- Regjeringa foreslår å styrkje bustøtta med 60 millionar kroner for at ordninga skal bli betre for barnefamiliar med låge inntekter. Forslaget inneber at meir enn 20 000 familiar vil få auka bustøtte i 2016, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Det er viktig at bustøtta står i forhold til normale buutgifter. Bustøtta bidreg i dag til å sikre om lag 100 000 økonomisk vanskelegstilte husstandar i Noreg ein eigna bustad.

I praksis inneber forslaget frå regjeringa å heve taket for buutgifter med 2 000 kroner for kvart medlem av husstanden ut over det første, og til og med medlem nummer fem. Taket for buutgifter er den øvre grensa for kva buutgifter som kan leggjast til grunn når bustøtta blir rekna ut.

Vel 5000 kroner i auka støtte

Ein familie på fire med buutgifter som ligg over grensene, vil til dømes kunne få ei auke i bustøtta på 5 085 kroner i året. Ein familie på to vil få ei auke på 2 137 kroner.

- Dette er viktig for å styrke det sosiale sikkerhetsnettet, slik at færre faller utanfor og fleire blir løfta opp. Ikkje minst er dette eit viktig tiltak mot barnefattigdom, seier Sanner.

Vidarefører kompensasjon

For å skjerme husstandar som tok imot bustøtte før uførereforma trådde i kraft, innførte regjeringa ei mellombels ordning i fjor. Nå foreslår regjeringa vidare kompensasjon for den same gruppa. - Vi arbeider med ei permanent løysing, seier Sanner.

Fakta:

Bustøtta er ein lovfesta rett. Kor stor bustøtta blir avheng av inntekt og buutgifter. Det er fastsette maksimalsummar (tak) for kor høge buutgifter som kan reknast med. Taket er høgare i Oslo, dei andre store byane og nokre andre kommunar, enn i resten av landet. To av tre som får bustøtte, har høgare utgifter enn taket.

 

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00