Mange tilbyr opplæring i bruk av digitale verktøy
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet
Pressemelding | Dato: 02.03.2015
270 000 innbyggjarar bruker i dag ikkje internett. Opplæringstilboda til innbyggjarar som treng digital kompetanse er mange, men brukarane vil tene på betre samarbeid mellom tilbydarane, syner ny rapport.
- Digital kompetanse er grunnleggjande for å delta i samfunnsdebatten og bruke offentlege og private digitale tenester. Vi vil samarbeide med både private og frivillige aktørar som tilbyr opplæring. Rapporten gir gode innspel til den innsatsen vi må gjere, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.
Ein ny rapport kartlegg kurs og opplæring i bruk av PC, internett og digitale verktøy i Noreg. Meir enn 20 større offentlege, private og frivillige aktørar har i dag kompetansetilbod retta mot innbyggjarane. Sjølv om det finst mange gode tilbod om kurs og undervisning for å bruke dei digitale tenestene, er tilbodet fragmentert og innsatsen ikkje godt nok koordinert. Mange små kommunar er heilt utan tilbod, syner rapporten.
Undersøkinga Tiltak som kan bidra til å øke befolkningens digitale deltagelse og kompetanse er utarbeidd av Damvad Norway på oppdrag frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet.
Sjå også: