Historisk arkiv

Omstillingsmidlar til Lierne kommune

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

- Nedlegginga av Lierne bakeri skaper ein vanskeleg situasjon i Lierne, både for dei som blir ramma direkte, men også for heile lokalsamfunnet, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner. Regjeringa foreslår å løyve 15 millionar kroner i 2015 og er innstilt på å løyve 15 millionar kroner også i 2016.

Lierne bakeri er ein stor arbeidsplass i kommunen, og nedlegginga vil få store ringverknader. Kommunen står i fare for å miste rundt 120 arbeidsplassar på relativt kort tid, noko som utgjer om lag ein femtedel av arbeidsplassane i kommunen.

- Vi ser alvorleg på den vanskelege situasjonen i Lierne. Eg er difor glad for å kunne medverke til at det kan skapast vekst og nye arbeidsplassar framover, seier Sanner.

I tillegg til forslaget til særskilt stønad frå regjeringa, har Lierne kommune og Nord-Trøndelag fylkeskommune vedteke å medverke med støtte slik at det samla budsjettet blir på omlag 60 millionar kroner.

Løyvinga til omstilling skal overførast til Nord-Trøndelag fylkeskommune, som får ansvaret for bruken av midlane i lag med mellom anna Innovasjon Norge og kommunen.

 

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00