1,8 milliardar kroner meir i frie inntekter til Oslo neste år
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet
Artikkel | Sist oppdatert: 07.10.2015
Tabellen viser fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Oslo og Oslo fylkeskommune og den nominelle veksten frå 2015 til 2016. Veksten er rekna frå overslag på rekneskap for 2015.
Kommune | Overslag på frie inntekter 2016 (1 000 kr) |
Vekst frå overslag på rekneskap 2015-2016 | Vedlike- haldspakke (1 000 kr) |
|
Nominelle kroner (1000 kr) |
Prosent | |||
1 | 2 | 3 | 4 | |
0301 Oslo | 32 922 135 | 1 450 748 | 4,6 | 62 822 |
Fordelast gjennom året | 5 700 | |||
Fylke | ||||
03 Oslo | 5 785 590 | 358 951 | 6,6 | 62 822 |
Oslo samlet | 38 713 425 | 1 809 699 | 4,9 | - |
Veksten i kostnadane i kommunesektoren (deflator) i 2016 er anslått til 2,7 prosent. All vekst over 2,7 posent er dermed ein realvekst.
Første kolonne:
Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2016, målt i 1000 kroner.
Andre kolonne:
Viser overslag på vekst frå overslag på rekneskap for 2015 til nasjonalbudsjettet 2016 målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane.
Tredje kolonne:
Viser den nominelle veksten målt i prosent.
Fjerde kolonne:
Som ein del av den særskilte tiltakspakka for auka sysselsetting føreslår regjeringa eit eingongstilskot til kommunane på 500 millionar kroner til vedlikehald og rehabilitering av skular og omsorgsbygg. Midlane kjem i tillegg til veksten i kommunane sine inntekter og er fordelt etter innbyggjartal per 1. juli 2015. Kolonne 4 viser den einskilde kommune sin del av tilskotet.